Fylkesbiblioteket

Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025

Biblioteka gjev alle lik tilgang til informasjon, kunnskap, litteratur og kulturelle opplevingar, og dermed til personleg utvikling.

Sjå planen

Fylkeskommunen ivaretar regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling. Fylkesbiblioteket er bibliotekfagleg rådgjevar for kommunane og biblioteka i vidaregåande opplæring. Vi initierer, leier, finansierer og støttar utviklingsarbeid i biblioteka i Hordaland, og har i samarbeid med kommunane utvikla fem regionale biblioteksamarbeid.

Ei kjerneoppgåve er å utvikle og oppdatere kompetansen til bibliotektilsette i fylket gjennom strategisk arbeid, kurs, konferansar og andre kompetansehevande tiltak.

Fylkesbiblioteket sikrar innbyggjarane i Hordaland tilgang til e-medium og digitale ressursar, organiserer og delfinansierer ei transportordning mellom bibliotek, og utviklar biblioteknettstader i fylket i samarbeid med bibliotektilsette og ulike fagmiljø i landet. Fylkesbiblioteket driftar bokbåten.

Tenester og tilskot

Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling

Sjå heile oversikta

Døme på kva vi arbeidar med

Dei gode kjeldene

Vi er engasjerte i tema i tida. Vi kan søke. Vi har med oss mobile oppslagsverk kor enn vi er og er pålogga det meste av dagen. Finn vi sann nøytral informasjon?
I prosjektet «Kjelda» er målet å gi brukarane dei gode kjeldene og samstundes eit breiare bilde av kva biblioteket kan by på

For bibliotektilsette er det ei utfordring både å ha oversikt over dei gode kjeldene til ein kvar tid, og vete korleis dei best kan formidle dei vidare. Hovudmålet med «Kjelda» er å sitje att med effektive metodar å formidle gode kjelder på, som vi kan halde fram med etter prosjektperioden. Målet med prosjektet er også at fleire skal finne og dra nytte av innhaldet og tenestene til biblioteka. 

Bokåret 2019

I år er det 500 år sidan den første norske boka blei trykt! For å feire denne historisk viktige hendinga har Nasjonalbiblioteket tatt initiativet til ei stor nasjonal markering, nemleg BOKÅRET 2019, som skal markerast i heile landet med 1500 arrangement i 500 bibliotek.
Fylkesbiblioteket i Hordaland har fått tildelt kr. 800 000 frå Nasjonalbiblioteket for å lage 206 arrangement på 206 ulike stader i 32 kommunar i Hordaland fylke. Alle folkebiblioteka i Hordaland skal vere med på å markere Bokåret 2019. I tillegg til dei stasjonære biblioteka vil bokbåten Epos og dei fire kommunale bokbussane ha med seg gode arrangement til kvar kring og krok i fylket.

Programmet for Bokåret 2019 er under stadig planlegging og utviding. Følg difor med på nettstaden vår og nettstaden til ditt lokale bibliotek for å halde deg oppdatert på alle dei gode forfattarane og litteraturarrangementa som kjem din veg i løpet av året.