Kontrollutvalet - sekretariat

Sekretariat for kontrollutvalet har 5 tilsette.  17 kommunar og Bergen kirkelige fellesråd (BKF)  kjøper sekretariatstenesta til sitt kontrollutval frå Hordaland fylkeskommune. Alle kommunar i Hordaland har i prinsippet tilbod om å kjøpe denne tenesta. Sekretariatet rapporterer berre til kontrollutvala og ikkje til fylkesrådmann eller rådmennene i kommunane.

Dette kan sekretariatet tilby kommunane

Sekretariatet er kontrollutvalet sin viktigaste hjelpar og støttespelar. Eit velfungerande sekretariat er ein føresetnad for at kontrollutvalet skal kunne utføre sin tilsyns- og kontrollfunksjon på ein god måte.

Kommunestyret har plikt til å syte for sekretariatsbistand til kontrollutvalet. Det er eit krav at sekretariatet er uavhengig i høve både administrasjonen og revisjonen. Dette inneber mellom anna at sekretæren ikkje kan vere tilsett under rådmannen sitt mynde, eller utføre revisjonsoppgåver for kommunen.

Kontrollutvalet skal føre tilsyn og kontroll med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjon.

Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative ledd og skal til ei kvar tid yte kontrollutvalet den bistanden som utvalet har trong for. Sekretariatet rapporterer berre til det enkelte kontrollutval og pliktar å følgje utvalet sine retningsliner og pålegg. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og oppfølging etter møte. Døme: Føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak.

Kven er sekretariat for kontrollutvalet

Kommunal- og regionaldepartementet fastsett 15.06.2004, med heimel i kommunelova § 77 nr. 11, Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner. I forskrifta sin § 20 er det fastsett at kontrollutvalet skal ha sekretariatsbistand. Sekretariatet skal etter forskrifta mellom anna sjå til at dei sakene som vert handsama i kontrollutvalet er forsvarleg utgreidde. Sekretariatet gjev innstilling i saker til kontrollutvalet.

Tilsette

leiar
Profilbilde av Hogne Haktorson
Hogne Haktorson
91105982
seniorrådgjevar
Profilbilde av Roald Breistein
Roald Breistein
97505152
seniorrådgjevar
Profilbilde av Kari Marie Nygard
Kari Marie Nygard
91664183
seniorrådgjevar
Profilbilde av Kjartan Haugsnes
Kjartan Haugsnes
90189542
spesialrådgjevar
Profilbilde av Helge Inge Johansen
Helge Inge Johansen
40203664

 

Vakant stilling p.t.
Spesialrådgjevar

Felles e-post:
kontrollutvalet@hfk.no

Sekretariatet utfører sekretariatstenester for:

Lenkjer