Kompetanseforum Hordaland

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å koordinere og utvikle kompetansepolitikken i regionen. Fylkeskommunen leier arbeidet med Kompetanseforum Hordaland som er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen. Her finn du sentrale referat, planar og rapportar frå dette arbeidet.

I Kompetanseforum Hordaland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Hordaland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskolen i Hordaland, Opplæringsdirektøren i Hordaland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest.

Regional kompetansepolitikk

Fylkeskommunen har ei rolle som både samfunnsutviklar og planleggjar. Dette inneber ansvar for koordinering og utvikling av kompetansepolitikken i regionen. Det overordna målet for den regionale kompetansepolitikken i Hordaland er betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft (jf. Regional plan for kompetanse og arbeidskraft).

Samfunnet stiller stadig høgare krav til samarbeid om utvikling av kompetanse i regionen. Målet er at utdanningstilboda i større grad skal dimensjonerast i tråd med behova i arbeidslivet. Dette vil seie at vi utviklar naudsynt kompetanse for dei som allereie er i arbeid eller står utanfor arbeidsmarknaden og at innbyggjarane får tilgang til gratis karriererettleiing i alle fasar av livet. I tillegg vil kompetanse vere ein drivar for utvikling. Etableringa av ein regional samarbeidsmodell er det viktigaste strategiske grepet for å møte desse utfordringane.

Referat

Referat frå møta i Kompetanseforum Hordaland

Møte i kompetanseforumet 20.03.18

Møte i kompetanseforumet 21.09.18

Møte i kompetanseforumet 23.11.18

Planar

Nasjonal kompetansestrategi
Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Rapportar

Kunnskapsgunnlag Hordaland

Kunnskapsgrunnlag Nordhordland

Kunnskapsgrunnlag Sunnhordland

Kunnskapsgrunnlag Vest

Kunnskapsgrunnlag Hardanger og Voss