Workshop i MUST-prosjektet

Vi samlast for ein god seanse med engasjerte brukarar, løysningsorienterte aktørar og akademia for å brainstorme rundt mobilitetsløysningar. Korleis få sammensatte reiser til å fremstå sømløyse?

Hordaland fylkeskommune, Skyss og Bergen kommune var ein av fem vinnarar i konkurransen «Smartere Transport i Norge», og har saman med Statens vegvesen etablert mobilitetslaboratoriet MUST.

 

Kva skjer?

Gjennom ei serie samlingar ønskjer vi å sette fokus på mobilitetsutvikling frå ulike perspektiv med bakgrunn i klimautfordringar, byfortetting og ny teknologi.
MUST inviterer deg til idédugnad for å bidra til innovasjon som kan inngå i framtidas mobilitetsløysningar. Uansett di rolle eller bakgrunn er du velkomen til å delteke på arrangementet. Kanskje gjør ditt bidrag at nokon kan skape nye, spennande løysningar, eller kanskje er det du som skal vere med å utvikle dem? 
Vi inviterer deltakarane til å pitche ei utfordring eller ein idé under workshopen om dei ønskjer det. 

 

Målgruppe

Kreative miljø, både offentlige, men ikkje minst private. Innovative bedriftar og forskingsmiljø med ideer til korleis eksisterende data og ny teknologi kan nyttast i mobilitetsarbeid og utvikling av nye løysningar for å fremme bærekraftige reiser.

 

Program

  • Presentasjon av MUST
  • Korte innlegg (pitcher)
  • Idédugnad 
 

Påmelding

Påmelding innan tirsdag 28. mai 2019 ved bekreftelse på e-mail til tia.aksnes@inventura.no.
Informer om namn og stilling på deltakar(ar) og gi samtidig beskjed om du/de ønskjer å pitche under samlinga.