Ungdommens fylkesting 2019

Ungdommens fylkesting i Hordaland  blir arrangert ein gong i året. Dette er ein politisk nøytral arena og ein møteplass for ungdom frå heile fylket.

På ungdommens fylkesting (UFT) kan ungdom seie si meining og diskutere viktige saker med andre, samtidig som det er sosialt og kjekt. UFT er eit talerøyr, og det øvste organet for dei unge sine interesse i Hordaland.

Ungdommens fylkesting blei for første gong arrangert i 1997, og har sidan vorte helde i over 20 år på rad. Dette er det siste tinget som blir arrangert før Vestland fylkeskommune blir etablert.

I tråd med gjeldande vedtekter er det representantar frå kommunale ungdomsråd i Hordaland som kan få delegatstatus på Ungdommens fylkesting. Kvar kommune blir invitert til å sende to ungdommar. Delegatane må etter vedtektene vere mellom 14 og 20 år.

Kommunar utan ungdomsråd kan sende to ungdommar frå til dømes elevråd eller liknande til å representere sin kommune.

Program

Sjå programmet for ungdommens fylkesting

Saksdokument

Tingdokument. Her finn du saksliste, vedtekter, reglement

Ungdommens planprogram 2018

Forslag til ungdommens planprogram 2019

 

Profilbilde av Silje Lyngstad
Silje Lyngstad