Studietur London 2019

Hordaland fylkesbiblioteket har fått støtte frå Erasmus+-programmet til reiser i Europa for bibliotektilsette.

Kven kan søkje:

Denne gongen lyser vi ut støtte for tre bibliotektilsette i folkebibliotek i Hordaland til å reise på Internet Librarian International, The Library Innovation Conference, som blir arrangert i London 15.-16.oktober.

Søknadane vil bli prioritert etter desse kriteria:

  • Søknadar frå tilsett i bibliotek som arbeider med å utvikle digitale tilbod.
  • Deltakar som ikkje tidlegare har fått støtte frå Erasmus+.
  • Søknad er godkjent av næraste leiar.


Praktisk informasjon:

Ein må vere på plass i London 15.oktober. Det er mogleg å reise frå London etter konferansen 16.oktober, men stipendet dekkjer totalt 4 dagar (to reisedagar og to dagar på konferanse). 
Fylkesbiblioteket organiserer påmelding til konferansen, reise og hotell. Utgifter utover dette blir dekt etter statens satsar i etterkant.

 

Fylkesbiblioteksjef
Profilbilde av Ruth Ørnholt
Ruth Ørnholt
95913398
Spesialrådgjevar
Profilbilde av Terje Haugsgjerd
Terje Haugsgjerd
48990270