Stormøte 2019 - Samarbeid om kompetanseutvikling i Hordaland

Kompetanseforum Hordaland inviterer til stormøte for å diskutere regionale kompetansebehov og korleis vi kan løyse desse saman. Stormøtet er ei årleg samling for aktørar i Hordaland som har ei rolle eller verkemidlar i den regionale kompetansepolitikken.

Kompetanseforum Hordaland har som oppgåve å følgje opp tiltaka i Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Kompetanseforumet skal jobbe strategisk og samordne det kompetansepolitiske arbeidet i Hordaland. Dette inneber tett samarbeid med regionane i fylket og bransjane og sektorane i arbeidslivet både med tanke på å avdekke kompetansegap og å setje i verk tiltak for å tette dette gapet. Gjennom dette arbeidet ønskjer ein óg å bidra til at kompetanse blir ein drivar for innovasjon i arbeidslivet.

Vi følgjer opp kick off-samlinga frå i fjor. Denne gong set vi fokus på dei innspela som dei lokale samarbeidsarenaene og kontaktpunkta i bransjane/sektorane har meldt inn og inviterer til dialog om korleis dette kan løysast på kort og lang sikt. I tillegg har vi invitert innleggshaldarar både frå næringslivet i Hordaland og frå nasjonale myndigheiter.

Målgruppe for samlinga

Medlemmar i dei lokale samarbeidsarenaene, kontaktpunkt i bransjane/sektorane, politikarar og andre som har ei rolle eller verkemidlar på dette feltet

Arrangementet er gratis.

Program

Kl. 09.30 Registrering - kaffe/te og litt å spise

Kl. 10.00 Velkomen v/ fylkesdirektør for opplæring, Bjørn Lyngedal og
fylkesdirektør for regional utvikling, Bård Sandal

Kl. 10.20 Teknologisk utvikling – nye kompetansebehov v/ BKK

Kl. 10.50 «Ingen skal gå ut på dato» - Nasjonal kompetansereform -
Korleis blir dei regionale aktørane involvert? v/avdelingsdirektør Sture Berg Helgesen, Kunnskapsdepartementet

Kl. 11.30 Minglelunsj

Kl. 12.00 Kva er dei viktigaste kompetansebehova i regionen og korleis kan vi løyse dei i fellesskap? Paneldiskusjon og dialog.

12.00 Kva syner kartlegginga av kompetansebehov i regi av Kompetanseforum Hordaland? v/Kristin Iversen, sekretariatsleiar Kompetanseforum Hordaland

12.15 Digital kompetanse – utfordringar og moglegheiter
Innleiing v/ Rune Smistad, Nestleiar NCE Media
Moderator: Berit Rokne, rektor Høgskulen på Vestlandet

12.45 Helse og omsorg – utfordringar og moglegheiter
Innleiing v/Ingelin Søraas, Administrasjonssjef, Byrådsavdeling for helse og omsorg, Bergen kommune
Moderator: Anne Mette Koch, seksjonsleiar for fag og utdanning Helse Bergen

13.15 Fleire fagarbeidarar – utfordringar og moglegheiter
Innleiing v/ Baste Tveito, Dagleg leiar, Nordhordland Næringslag
Moderator: Roger Pilskog, distriktssekretær LO

13.45 Oppsummering og avslutning

Kontaktperson
Profilbilde av Kristin Iversen
Kristin Iversen
98646596