Sommarskulen 2019 på Stord

Sommarskulen er eit tilbod til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Tid: Måndag 24. juni til fredag 5. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30 – 14.00.

Kven kan delta: Elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Fag: På Stord kan ein følge undervisning i yrkesretta matematikk med avsluttande eksamen.

Eksamen: Du kan ta eksamen i MAT1001PY dersom du er elev i yrkesretta opplæring med 1 i standpunkt eller stryk til eksamen i Vg1, eller er lærling og manglar godkjend eksamen i matematikk frå Vg1. 

Elevar som har "Ikkje vurdert" (IV) i faget, må ta eksamen som privatist på vanleg måte i haust, men kan følge undervisninga ved sommarskulen for å bli betre førebudd til privatis-teksamen i haust.

Påmeldinga er bindande!

Du vil bli kontakta før sommarskulen startar med nærare informasjon om tidspunkt og stad for oppmøte.

Påmeldingfristen er ute og det er no ikkje mogeleg å melde seg på.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med
Profilbilde av Petter De Presno Borthen
Petter De Presno Borthen
96942933