Sommarskulen 2019 i Knarvik

Sommarskulen er eit tilbod til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Tid: Måndag 24. juni til fredag 5. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30 – 14.00.

Kven kan delta: Elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring

Fag: I Knarvik har vi tilbod om å følge undervisning i yrkesretta matematikk

Eksamen: Du kan ta eksamen i MAT1001PY dersom du er elev i yrkesretta opplæring med 1 i standpunkt eller stryk til eksamen i vg1, eller er lærling som manglar godkjend eksamen i matematikk frå Vg1. 

Elevar som har "Ikkje vurdert" (IV) i faget, må ta eksamen som privatist på vanleg måte i haust, men kan følge undervisninga ved sommarskulen for å vere betre førebudd til eksamen.

Påmeldinga er bindande!

Du vil bli kontakta før sommarskulen startar med nærare informasjon om tidspunkt og stad for oppmøte.

Påmeldingfristen var xx.xx.xx og det er no ikkje mogeleg å melde seg på.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:
Profilbilde av Petter De Presno Borthen
Petter De Presno Borthen
96942933