Sommarskulen 2019 i Bergen

Sommarskulen er eit tilbod til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Tid: Måndag 24. juni til fredag 5. juli, alle kvardagar frå kl. 8.30 – 14.00.

Kven kan delta: Elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Fag: I Bergen kan du følge undervisning i matematikk studieretta, matematikk yrkesretta og norsk for minoritetsspråklege elevar med kort butid i landet og ungdomsrett til vidaregåande opplæring. Du kan berre melde deg på eitt av tilboda.

Eksamen: Du kan ta eksamen i MAT1001PY dersom du er elev i yrkesretta opplæring med 1 i standpunkt eller stryk til eksamen i vg1, eller er lærling som manglar godkjend eksamen i matematikk frå vg1.  

Elevar som har "Ikkje vurdert" (IV) i faget, må ta eksamen som privatist på vanleg måte i haust, men kan følge undervisninga ved sommarskulen for å vere betre førebudd til eksamen.

Går du på studiespesialiserande kan du ikkje ta eksamen i matematikk, men du kan følge undervisninga på sommarskulen.

Påmeldinga er bindande!

Du vil bli kontakta før sommarskulen startar med nærare informasjon om tidspunkt og stad for oppmøte.

Påmeldingfristen er ute og det er no ikkje mogeleg å melde seg på.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:
Profilbilde av Petter De Presno Borthen
Petter De Presno Borthen
96942933