Saman for eit betre vassmiljø

Hordaland vassregion ved Hordaland fylkeskommune inviterer til temamøte om høyring av dokument til ny vassforvaltingsplan for Hordaland (Vestland) 2022-2027.

Møtet  er gratis og berekna på:  Kommunar, vassregionutvalet, sektormynde, interesseorganisasjonar.

Servering av kaffi, tebrød og frukt frå kl 9.30

Vil du vite meir? Sjå vannportalen

Førebels program:

10-10.05 Opning
10.05-10.25 Vatn livet til alt, bildespel med musikk ved Sveinung Klyve, spesialrådgjevar vassforvalting Hordaland fylkeskommune
10.25-10.40 Er trafikklys-systemet godt nok til å ivareta  bestanden av androm fisk i våre fjordar og vassdrag i Hordaland? Geir Johnsen, forskar i Rådgivende Biologer
10.40-10.55 Har vasskraftregulantane i Hordaland gjort nok med sine frivillige tiltak? Er våre  styresmakter «for slappe « for å ta vare på vassdragsnaturen i våre regulerte vassdrag?  Ulrich Pulg, forskar i LFI-Norce
10.55-11.10 Kva vil vasskraftregulanten BKK gjera framover av tiltak i  regulerte vassdrag?
11.10-11.25 Beinstrekk
11.25-11.40 Korleis kan sjømat Norge auka sin produksjon og samstundes drive bærekraftig i høve til sin påverknad av naturmiljøet?  Hans Inge Algrøy, regionsjef havbruk vest - SJØMAT NORGE
11.40-12.00

Innspel frå interesseorganisasjonar,
Hordaland jeger og fiskeforbund: Toler våre anadrome laksestammer veksten i oppdretsnæringa?
Forum for natur og friluftsliv i Hordaland (FNF):  Vil revisjon av vassdragskonsesjonar gje eit viktig bidrag til å ta vare på det biologisk mangfaldet i vassdragsnaturen vår?   FNF ved Ørjan Sælensminde

12.00-12.25 Diskusjon omkring utfordringar med vassmiljøet i Hordaland
12.25-13.15 Lunsj i 4. etasje
13.15-13.45  Arbeidet med ny vassforvaltingsplan og høyringsdokumenta planprogram og hovudutfordringar. Korleis kjem ein med innspel og medverknad. Med eksempel frå vann-nett. Sveinung Klyve, Hordaland fylkeskommune
13.45-14 Oppsummering

Påmeldingfristen var xx.xx.xx og det er no ikkje mogeleg å melde seg på.