Russ 2018 - informasjonsmøte for foreldre

Er ditt barn russ i år? Då må du ikkje gå glipp av dette møtet der Hordaland fylkeskommune og politiet vil ha foreldra med på laget for å skape klare rammer for russen.

russejenter

Illustrasjonfoto: https://www.flickr.com/photos/hammershaug/ under cc-lisens

For første gang inviterar politiet i Bergen i samarbeid med Hordaland fylkeskommune foreldre (i Bergen og omegn) som har russ våren 2018, til eit informasjonsmøte. (Politiet er godt i gang med arbeidet for årets russekull, men ønskjer foreldre med på laget for å støtte opp om arbeidet.)

Målet for møtet

Alle ønskjer at russen skal ha ei trygg og god russefeiring. Målet med samarbeidet er difor å skape klare rammer for russen, slik at dei kan oppleve russetida på ein positiv og sikker måte, utan varige negative konsekvensar.

Møtets innhald


Politi, helsesøster, hovudrussestyret og opplæringsavdelinga vil vere til stades på møtet. Det vil bli informert om arbeidet rundt russen, utviklinga dei siste åra, trendar, utfordringar, arrangement, og kva vi i fellesskap kan gjere for å bidra til trygge rammer.

Meld deg på innan 19. februar

Møt opp og få innspel om korleis de kan støtte og engasjere dykk i ungdomane gjennom russetida.

For å få oversikt over kor mange som kjem, ber vi om påmelding innan fristen, måndag 19.02.2018.

Lurer du på noko?
Profilbilde av Venke Barrikmo
Venke Barrikmo
55239219