Regionalt læringsnettverk for folkehelse

Oppstartsseminar for "regionalt læringsnettverk folkehelse". Konferansen omhandlar kommunanes arbeid med å fremme barn og unges psykiske helse og livskvalitet.

Vi ønskjer å stimulere til breitt, langsiktig og tverrsektorielt utviklingsarbeid på folkehelseområdet.

Konferansen omhandlar kommunanes arbeid med å fremme barn og unges psykiske helse og livskvalitet. Fylkeskommunar og kommunar har samarbeid og berøringspunkter på fleire aktuelle område. Ønskjet er å samarbeide og bygge vidare på allereie etablerte samarbeidsformer og stimulere til auka kompetanse om ei helsefremjande samfunnsutvikling.

Målgruppe

Samlinga er retta mot kommunalt tilsette som arbeider med plan, analyse, oppvekst, kultur og folkehelse. Første samling er open for alle, også ordførarar og andre folkevalde som ønskjer å få meir kunnskap om utfordringar og moglegheiter innanfor dette området.

Praktisk informasjon

Konferansen er gratis, men reisekostnadar må dekkjast av kvar enkelt. Ved påmelding vil det bli lagt vekt på å få variert deltaking frå ulike kommunar og fagområde. Deltaking er i utgangspunktet avgrensa til fem per kommune, men vil avhenge av kor mange som melder seg på konferansen.

Bli med på befaring

Etter programmet er dei som ønskjer det inviterte til befaring på NY KRONBORG SKOLE og SFO av Bergen kommune. Gje oss melding på e-post om du ønskjer å delta.

Program

09.30 - 10.00 Registrering – kaffi mm.

10.00 - 10.15 Velkomen
Kjell Håland, fylkespolitikar - AP, nestleiar i KIRU; leiar for rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. 
Anne Gamme, fagleder - KS myndighetskontakt Helse og velferd

10.15 - 10.30 Kva er psykisk helse i ein folkehelsesamanheng?
Hildegunn Brattvåg, seniorrådgjevar, Helsedirektoratet

10.30 - 11.00 Om vi verkeleg meinte folkehelse - kva gjorde vi då?
Arne Klyve, undervisningsleiar ved Kompetansesenter Rus, Bergensklinikken

11.00 - 11.15 Pause

11.15 - 12.00 Barn og unges si psykiske helse - kva er utfordringane? Korleis kan vi gjere noko med det?
Oddrun Samdal, professor, viserektor for utdanning, Universitetet i Bergen

12.00 - 13.00 Lunsj

13.00 - 13.15 Kort om det systematiske folkehelsearbeidet og folkehelselova
Ellen Paulssen, Helsedirektoratet

13.15-13.45 Korleis har ungdommen i Hordaland det? – Med utgangspunkt i funna frå Ungdata -undersøkinga – korleis jobbar vi med det?
Aina Haugsdal, spesialrådgjevar og Eva Ørmen Vinjevoll, rådgjevar, Hordaland fylkeskommune

13.45-14.05 Korleis jobbe med psykisk helse inn i plan?
Eva Katrine Ritland Taule - Seniorrådgjevar seksjon for plan  Hordaland fylkeskommune

14.05-14.35 Frå kunnskap til planar til tiltak/handling gjennom «medverknad for mobbefritt oppvekstmiljø – og nærmiljø som fremjer folkehelse».
Kommunalsjef oppvekst Åge Rosnes - Askøy kommune

14.35-14.50 Pause

14.50-15.45 Vegen vidare i kommunane - gruppearbeid

15.45-16.00 Oppsummering og vegen vidare
Anne Gamme – KS og Else-Marie Brobakke Aarø - Hordaland fylkeskommune

 

 

 

Profilbilde av Ingeborg Sofie Sætrevik
Ingeborg Sofie Sætrevik