Prosjektverkstad forsking

Prosjektverkstad er eit tilbod til bedrifter, offentleg sektor og samarbeidande forskarar om korleis strukturere eit godt forskningsbasert innovasjonsprosjekt.

Målet med verkstadet er å gi deg verktøy til å utvikle eit forskingsbasert innovasjonsprosjekt og skrive ein god søknad om finansiering. Verkstaden er eit samarbeid mellom Regionalt forskingsfond Vestlandet og Forskingsrådet.

Målgruppe

  • Bedrifter, offentleg sektor og forskarar.
  • Verkstaden passer for deg som jobbar med søknad til RFF Vestlandet til fristen 13. februar 2019.
  • Verkstaden passer óg for deg som planlegg å søkje Forskingsrådet om innovasjonsprosjekt for næringsliv eller offentleg sektor i september 2019 eller nærings/offentleg p.hd.
  • Har du litt lenger vei å gå før du kan søkje om eit fleirårig prosjekt? Då kan du kanskje søkje om kvalifiseringsprosjekt/forprosjekt i RFF Vestlandet eller Forskingsrådet.

På verkstaden går vi gjennom

  • Frå idé til forskingsprosjekt: Verktøyet Prosjektkanvas (for bedrifter - for offentleg sektor)
  • Søknadsmaler for innovasjonsprosjekt og verktøy for å skrive ei tydelig og strukturert prosjektbeskriving
  • Korleis søknader vert vurdert. 

Vi legg opp til at deltakarane skal jobbe aktivt med eigne idéar og prosjekt gjennom dagen.

Det blir servert enkel lunch. Verkstaden er gratis.

Avgrensa tal plassar.

Har du spørsmål, kontakt Randi Lotsberg på forsking@hfk.no

 

Profilbilde av Randi Elisabeth Lotsberg
Randi Elisabeth Lotsberg
41217015