Fylkesting for ungdom Vestland 2019

Ungdommens fylkesting Hordland og fylkesting for ungdom Sogn og Fjorndane skal no slå seg saman!

Ungdommens fylkesutval Hordaland (UFU), Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane (UPU), Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til ungdommens fylkesting Hordaland, fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane og fylkesting for ungdom Vestland 1. til 3. november.

 Frå og med 1. januar 2020 blir Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune Vestland fylkeskommune. Dette inneber at Ungdommens fylkesting i Hordaland og fylkesting for ungdom i Sogn og Fjordane blir fylkesting for ungdom Vestland. I ny kommunelov som gjeld frå denne hausten er det lovfesta at det skal vere eit medverknadsorgan for ungdom og at ungdom skal ha ei tydeleg og reell påverknadskraft i fylket. Fylkesting for ungdom Vestland skal med bakgrunn i dette markere ein ny start for ungdomsmedverknad i Vestland.

 Gjennomføring

Tidspunkt: 1. til 3. november 2019.
Stad: Scandic hotell Kokstad, Bergen.

 Arrangementet vil bli gjennomført slik:

  1. Parallelle fylkesting for Sogn og Fjordane og Hordaland, fredag 1. november kl. 13:30 til 15:00.
  • Her skal ein avvikle dei eksisterande fylkestinga. Desse fylkestinga vert arrangert etter gjeldande vedtekter.
          
  • Ungdommens fylkesting Hordaland (UFT), fredag 1. november kl.      13:30 til 15:00:
    • Kvar kommune i Hordaland kan sende to delegatar.
    • Kommunane kan også melde på observatørar om dei ynskjer det. På grunn av avgrensa plassar vil påmelding for delegatar bli prioritert framfor observatørar.
    • Etter vedtektene for ungdommens fylkesting Hordaland delegat vere 14 til 20 år. Ein kan vere delegat frå og med det kalenderåret ein fyller 14 år, og til og med det året ein fyller 20 år.
             
  • Fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane (FFU), fredag 1. november  kl. 13:30 til 15:00:
    • Kvar kommune i Sogn og Fjordane kan sende to delegatar og to  observatørar. 
      Dei mest folkerike kommunane kan sende fleire delegatar, jf. § 4-1 i  vedtektene for FFU. Desse kommunane kan sende følgjande tal delegatar totalt:
      Flora: 4, Førde: 4, Gloppen: 3, Luster: 3, Sogndal: 3, Stryn: 3, Vågsøy: 3, Årdal: 3. 
             
    • Politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar kan sende to delegatar og to observatørar kvar til dette fylkestinget, etter gjeldande vedtekter. 
             
    • Etter vedtektene for fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane skal ein delegat vere mellom 13 og 23 år og skal ha folkeregistrert adresse i  Sogn og Fjordane fylke. Det same gjeld for observatørar.

 

         2. Fylkesting for ungdom Vestland, fredag 1. november kl. 15:00 til 
             søndag 3. november kl. 13:00.

  • Her legg ein til grunn det føreslegne reglementet for folkevalde organ i Vestland fylkeskommune. Reglementet er handsama av fellesnemnda i sak 44/2019 og skal handsamast av fylkestinget i Vestland 15. og 16. oktober 2019. Det er føreslått at fylkesting for ungdom Vestland skal ha ei samansetjing på 86 medlemer, med to representantar frå  alle      kommunale ungdomsråd i fylket. Medlemane av fylkesting for ungdom skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år. Vi tek atterhald om eventuelle endringar i fylkestinget, og vil oppdatere      straks dersom det vert endringar for fylkesting for ungdom.
          
  • Det vil seie at det berre er kommunane som kan sende delegatar til dette fylkestinget, to delegatar pr. kommune. Politiske ungdomsparti og fylkesdekkande ungdomsorganisasjon kan såleis ikkje sende delegatar og observatørar til fylkesting for ungdom Vestland. Dersom partia    eller organisasjonane ynskjer det kan deltakarane deira vere gjestar på fylkesting for ungdom Vestland.
          
  • For dei kommunane i Sogn og Fjordane som kan sende fleire enn to delegatar til fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane betyr dette at ein må peike ut kva delegatar som skal få endra status frå delegat til observatør til fylkesting for ungdom Vestland fredag ettermiddag, og kven som framleis skal vere delegatar. Dette skal registrerast i  påmeldingsskjemaet. Dersom kommunen ynskjer det kan dei som ikkje vert med  vidare som delegat til fylkesting for ungdom Vestland berre delta på fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane fredag.  
          
  • Framlegg til eigne vedtekter for fylkesting for ungdom Vestland  vil bli handsama under tingsetet. Sakliste vert lagt ut fjorten dagar før  tingsetet.

Sjå program for detaljar.

 Meir informasjon

All informasjon om fylkestinga for ungdom finn du på sfj.no/fylkesting-for-ungdom.  

Der finn du informasjon om:

  • Gjennomføring av tingseta og konsekvensar i høve tal delegatar og observatørar
  • Alternativ for deltaking og prisar
  • Samtykkeskjema, som alle deltakarar må sende inn
  • Reise og opphald
  • Korleis stille som kandidat til Vestland ungdomsutval

På desse sidene finn du også:

  • Lenkje til påmeldingsskjema
  • Program
  • Saklister
  • Vedtekter for ungdommens fylkesting Hordaland og fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane
  • Ordensreglar

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfristen er 18. oktober 2019.

 Vi ber om at denne invitasjonen vert vidareformidla til dei som vert påmelde til fylkesting for ungdom.

 Vel møtt til fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane, ungdommens fylkesting Hordaland og fylkesting for ungdom Vestland!
 

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.

Hordaland:

  • Oda Medhus, leiar i ungdommens fylkesutval Hordaland. E- post: oda.medhus@outlook.com, mob. 954 24 228.
  • Silje Lyngstad,      rådgjevar ved fylkessekretariatet, Hordaland fylkeskommune. E- post: silje.lyngstad@hfk.no, mob.928      65 813.

Sogn og Fjordane:

  • Guro Høyvik,  seniorrådgjevar i nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane      fylkeskommune . E- post guro.hoyvik@sfj.no, mob. 415 30 608.
  • Marthe Teigen  Refsnes, leiar i ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane. E- post: ungdomspolitiskutval@sfj.no, mob. 415      48 481.

 

 

 

 

 

Les meir om UFT og UFU

Hordaland fylkeskommune
Silje Lyngstad
92865813
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Guro Høyvik
415 30 608