Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne - desember 2019

Program og sakliste er no publisert.

Program

Kl 11:00  Opning av møte

kl 11:05  Orientering: Opplæringsavdelinga i Hordaland, Janne Lisen Ringdal Strøm, konst. Leiar OT/PPT: Samhandling mellom grunnskoler og vidaregåande skuler når det gjeld rettleiingstenester.

kl 11:45  Sakshandsaming

kl 12:45  Julelunsj

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne skal gi råd, drøfte saker, informere og bidra til å gi funksjonshemma i Hordaland ein betre kvardag.

Rådet har sju medlemer med personlege varamedlemer. Fire representantar er valde etter forslag frå brukarorganisasjonane (FFO og SAFO) og tre representantar er politisk valde.