- Tid
- –
- Stad
-
Møterom Vestlandet, Fylkeshuset, Bergen
Kurset er fullteikna! Ta kontakt med Lars Petter Klem for å høyre om nokon av plassane likevel er blitt ledige.
Satsing på syklistar og gåande vert løfta fram i regionale planar som eit viktig tiltak for å fremje folkehelse, skape gode tettstader og bidra til å redusere klimautsleppa. Det manglar sjeldan gode intensjonar for å utbetre tilhøva for desse trafikantane, men samstundes er det ikkje alltid desse vert realisert i møte med røynda.
På dette plannettverket vil vi difor setje fokus på korleis vi som planleggjarar i Hordaland kan bidra til utviklinga av eit attraktivt tilbod for gåande og syklande. Vi inviterer innleiarar frå kommunar og konsulentar, som arbeider med tematikken og som kan inspirera til vidare satsing og gjennomføring kringom i fylket.
Program
- Kl. 09.30 Uformell prat med kaffi og vaflar i 1. etasje
- Kl. 10.00 Velkomen - planlegging for mjuke trafikantar i Hordaland
Eva-Katrine Taule, fagsjef plan, Hordaland fylkeskommune - Kl. 10.10 Felles fylkeskommunal satsing
Hans-Christian Engum, seniorrådgjevar, planseksjonen / Lars Petter Klem, rådgjevar, planseksjonen / Torill Klinker, seksjonsleiar transportplanseksjonen / Sølve Dag Sondbø, seksjonsleiar klimaseksjonen - Kl. 10.35 Strategiar for lokal planlegging for mjuke trafikantar
Christian Kongsgård, regional sykkelkoordinator, Statens vegvesen region vest - Kl. 11.00 Pause
- Kl. 11.15 Kartlegging av sykkelinfrastruktur
Vegard Eriksen, arealplanlegger, Multiconsult - Kl. 11.45 Digitale medverknadsprosessar i utviklinga av sentrumsplan for Vossevangen
Aslaug Tveit, dagleg leiar og urban designar, Leva Urban
- Kl. 12.15 Lunsj
- Kl. 13.00 Korleis kan sykkelbyavtale styrke satsinga lokalt?
Andreas Moe Larsen, sykkelbykoordinator, Stord kommune - Kl. 13.30 Sikring av mjuke trafikantars interesser i offentleg-private samarbeid
Kristin Nåmdal, planleggar, og Alexander Helle, arkitekt og planleggar, Meland kommune - Kl. 14.00 Pause
- Kl. 14.15 Gang- og sykkel som tettstadsutviklar i Lyngseidet
Axel Sømme, Arkitektgruppen CUBUS - Kl. 14.45 Oppsummering og vel heim
Om plannettverk
Plannettverket er ein møteplass for alle som er involvert i kommuneplanlegging, med kommuneplanar, reguleringsplanar eller relevant sakshandsaming.
Planseksjonen i Hordaland fylkeskommune er sekretariat og inviterer til nettverksamlingar innanfor ulike tema gjennom året.