Plankonferansen 2019

Temaet på årets plankonferanse er "Berekraft på agendaen – kva og korleis i kommunane?"

plankonferansen2019.jpg

Plankonferansen er ein viktig møteplass som samlar fagfolk og politikarar i fylket for å diskutere aktuelle plantema. Arrangørar er Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland.

FNs berekraftmål

FN sine berekraftsmål er i vinden. Enkeltmenneske legg om kosthald og levesett. Verksemder viser samfunnsansvar gjennom nye retningslinjer for alt frå internstyring til kva marknad ein skal satse på. Kommunar lagar klimabudsjett og samfunnsplanar som stakar ut dei langsiktige vegvala, og dessutan handlings- og arealplanar som skal realisere måla for ei meir berekraftig framtid.

Å nå krava til redusert CO2-utslipp, nedfelt i Parisavtalen, er ambisiøst, og vi har dårleg tid. Politikarar og planleggarar har eit stort ansvar for å fortolke berekraftsmåla og finne verkemidla som gjer at deira kommune deltek i Det grøne skiftet. Korleis stø opp om og legge til rette for endring hos den einskilde, som gjer at vi dreg lasset saman i riktig retning? Plankonferansen vil i år sette fokus på kva FN berekraftsmål kan bety, og korleis vi kan omsette dei gode intensjonane til handling.

Program

Last ned programmet til Plankonferansen 2019

Presentasjonane

Link til presentasjonane frå Plankonferansen 2019

Tina Kvammen Mjøs Sinclair
47416478