Nyttårsmøtet 2019

Fylkesordføraren inviterer til nyttårsmøte der styrke i samspel er tema. Konflikt kan få deg i gang – samspel får deg i mål.

Har du opplevd at utviklingsprosessar strandar og at spennande prosjekt eller utbyggingsplanar aldri blir realisert? Leiarskap og det å få sentrale personar og miljø til å spele saman er avgjerande for å lykkast. 

Vi skal saman bygge det nye Vestland. Det avheng av at vi spelar kvarandre gode. Godt samspel bygger på tillitsfulle relasjonar mellom menneske. Dei kan ikkje vedtakast, dei må byggjast.

Høyr sentrale politikarar, næringslivsleiarar og leiarar frå organisasjonar fortelje om korleis dei har lykkast med krevjande samspelsprosessar med ønska utvikling som mål.

Nyttårsmøtet har etablert seg som ein viktig møteplass i starten av eit nytt år, der deltakarane set dagsorden og felles ambisjonar for det nye året. På samlinga kjem òg deltakarar frå nabofylka på Vestlandet, spesielt i år frå Sogn og Fjordane.

Lukka arrangement

Merk at arrangementet er lukka. For å melde deg på, må du ha mottatt invitasjon.

Program

På nyttårsmøtet kan du mellom anna høyre Hadia Tajik, nestleiar i AP, idrettspresident Tom Tvedt, Geir Inge Lunde, leiar for PwC region Vest og Gunnar Nakken, områdedirektør i Equinor. I tillegg kjem fleire andre dyktige føredragshaldarar.

Sjå detaljert program for nyttårsmøtet

Profilbilde av Solbjørg Sveum
Solbjørg Sveum
48861293