Auka trivsel og plass for alle - Læringsnettverket for program for folkehelsearbeidet i Hordaland

Hordaland fylkeskommune inviterer til samling i det regionale læringsnettverket innanfor program for folkehelsearbeid for kommunane i Hordaland.

Tema

Psykisk helse og mestring hos barn og ungdom. Auka trivsel og plass for alle.

Målgruppe

Alle kommunalt tilsette som jobbar med psykisk helse eller barn og ungdom.
Til dømes tilsette som jobbar med plan, analyse, oppvekst, kultur, opplæring/utdanning og folkehelse.
Også nasjonale og regionale aktørar, frivillige organisasjonar, FAU- og FoU-miljø, ungdomsråd og politikarar er velkomne til å delta.

Informasjon om samlinga

Læringsnettverket er ei lokal satsing i regi av program for folkehelsearbeid for kommunane i Hordaland. Målet med programmet er å auke kunnskap slik at psykisk helse for barn og unge vert integrert som ein likeverdig del i det lokale folkehelsearbeidet. Målet med samlinga er å lære meir, inspirere og dele gode idear til eige virke og skape eit tettare nettverk rundt temaet psykisk helse.
Seminaret er gratis.
Lunsj vert servert alle deltakarar som ønskjer det. Meld frå om eventuelle behov i påmeldingsskjema.
Les meir om læringsnettverket

 

Program

Konferansier: Anna Elisabeth Øyrehagen Akselvoll og Oda Medhus v/ Ungdommens fylkesutval

Kl. 09.00 - Registrering, kaffe, mm.

Kl. 09.30 - Velkommen
                  v/ Fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen

Kl. 09.40 - 12.00
                  Historiar frå verkelegheita
                  Anders og Daniel frå Hyssingen produkssjonsskule deler sine erfaringar

                  Frå tilskodar til deltakar - Inkludering og skuleskapt problematikk
                  v/ Hanne Steen og Tore-André Strand frå Bergen Kompetansesenter for 
                  Læringsmiljø

                  Trygg i Fjell-modellen og med ekstra blikk på etterarbeid
                  v/ Guttorm Helgøy og Marianne Gjerstad frå Trygg i Fjell

Kl. 12.00 - Lunsj

Kl. 13.00 - 15.00
                  "Hvorfor sliter vi så fælt?"
                  v/ Leiar i Elevorganisasjonen Agathe Waage

                  En plass i flokken
                  v/ Mari-Kristine Morberg frå Mobbeombodet i Hordaland

                  Inkludering til organisert aktivitet
                  v/ Vincent Mrimba frå Ny-Krohnborg skule 

                  Sofaprat - spørsmål, kommentarar deling av erfaring frå dagen

                  Oppsummering av dagen

Kl. 15.00 - Vel heim!

Kontaktperson
Profilbilde av Andreas Ask