Kurs i helsekonsekvensutgreiing (HKU)

Hordaland fylkeskommune planlegg kurs i Helsekonsekvensutgreining i Bergen i år, og har den glede å invitere kommunar med ambisjon og ønskje om å bruke helsekonsekvensutgreiing meir aktivt i folkehelse- og planarbeidet til to-dagars kurs. Målet med kurset er å styrke kommunar sitt arbeid til å gjennomføre ein HKU med ressursar frå eigen organisasjon.

Målgruppe

Målgruppe for samlinga er kommunalt tilsette i Hordaland, primært dei som arbeider med folkehelse- og planarbeid, eller andre med stilling som arbeider med helsespørsmål i planlegging.

Det vil vere ei føremon om det deltek to personar frå kvar kommune, helst frå ulike fagfelt. I tillegg vil nokre fagpersonar frå nye Vestland fylkeskommune delta.

Om kurset:

Gjennom kurset er målet å lære metodar og framgangsmåtar for å gjennomføre HKU av kommunale planar med interne ressursar.

Kurset vert arrangert over to heile dagar med ei blanding av foredrag og oppgåver. Kurset baserar seg på at kursdeltakarar tek med seg case knytt til planlegging eller folkehelsearbeid der det er behov for ein helsekonsekvensutgreining. Kursdeltakarar vil etter påmelding bli kontakta med forslag til case. Det skal gjennom samlinga jobbast i tverrfaglege grupper i kvar case.

Meir detaljar om program, caseoppgåver og anna tilgjengeleg materiale kjem.

Praktisk informasjon

Kurset vert arrangert i samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU), senter for etter- og vidareutdanning, som er faglig ansvarlig for kurset.

Hordaland fylkeskommune dekkjer kursavgift, ei overnatting, lunsj på kursdagane, samt middag på første kursdag. Det er avgrensa plasser så vi må setje grense på to deltakarar per kommune. Om kurset blir fylt opp vil det bli sett opp venteliste. Påmelde må delta begge dagar.

Frist for å melde seg av samlinga er sett 14.11.19. Plassane på kurset er kostbare, slik at ved avmelding etter 14.11, eller ved manglande frammøte/manglande bruk av overnatting – vil HFK fakturere ei deltakaravgift på kr. 2000.-, dersom erstattar for kursplass ikkje blir funne.  

Meld behov for overnatting i påmeldingsskjema.

Fagleg ansvarleg

Førsteamanuensis Gunnar Ridderström er utdanna sivilarkitekt og samfunnsplanleggar og har jobba med konsekvensutgreiningar sidan 1991. Gunnar underviser i planprosessleiing og har skrivi doktorgrad om helse og fysisk planlegging i Noreg.

Les meir om HKU

https://www.helsedirektoratet.no/tema/folkehelsearbeid-i-kommunen/helsekonsekvensutredning

https://www.who.int/hia/en/

 

Kontaktperson
Profilbilde av Andreas Ask