Klimathon 2019

Bli med på ein ny runde Klimathon i Bergen 19.-20. mars! Det blir to lærerike dagar med spennande gruppediskusjonar, idédeling, kompetanseutvikling og nettverksbygging i Universitetsaulen i Bergen.

Hordaland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NORCE og Universitetet i Bergen gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til eit nytt nasjonalt Klimathon. Alle som jobbar med klimatilpassing i norske kommunar, fylkeskommunar, innan forsking, konsulentselskap og NGO-ar kan her finne praktiske løysingar på klimautfordringane på tvers av stad, forvaltingsnivå og sektor. I 2019 har vi plass til 80 deltakarar med påmeldingsfrist 15. januar, så meld deg på!

Gruppearbeid mot felles mål

Klimathon 2019 er ein form for hackathon. Det vil sei at arbeidsformen er gruppearbeid, og at kvar gruppe samarbeider konsentrert mot eit felles mål. Klimathon gir deltakarane eineståande tilgang til utviklinga av kunnskap og politikk for framtida gjennom dialog og samarbeid.

Vi byggjer vidare på Klimathon 2018, og vil i forkant av Klimathon 2019 utvikle meir konkrete gruppeoppgåver saman med ei referansegruppe av klimatilpassingsekspertar frå kommunar, konsulentselskap og forsking. Gruppeoppgåvene vil i år legge vekt på korleis kunnskap kan blir integrert og delt i beslutningsprosessar rundt klimatilpassing.

Tema

Gruppeoppgåvene vil byggje vidare på fire hovudtema. Du kan allereie nå registrere kva slags tema som er av størst interesse for deg i påmeldingsskjemaet. Vi nyttar dei same tema som den nasjonale klimatilpassingskonferansen i Lillestrøm i november for å få endå betre kontinuitet i den nasjonale dialogen  om klimatilpassing. Her finn du ein forklaring av kvart tema.

Program

Sjå programmet for Klimathon 2019

 

Praktisk informasjon

Deltaking på Klimathon er gratis og inkluderer lunsj begge dagar, samt felles middag første dag. Overnatting blir dekka for tilreisande deltakarar frå 19. til 20. mars. Reisekostnadar bli dessverre ikkje dekka, men det er mogleg å søkje om reisestøtte (sjå info nedst på sida).

Klimathon er spesielt designa for spesifikke formål, og vi er avhengig av å kunne sette saman grupper som er tverrfaglege, tverretatlege og geografisk representative. Vi kan derfor ikkje love plass på Klimathon 2019 før etter registreringsfristen. Vi gir beskjed om du har fått plass innan 1. februar.

Ved overbooking av arrangementet vil vi prioritere deltakarar for å oppnå breiast mogleg samansetting av erfaring, sektor og forvaltningsnivå i gruppene. Deltakarar som registrerer seg tidlig vil bli prioritert der det er mogleg.

Overnatting

Overnatting ved Park Hotell/Steen Hotell blir dekka for tilreisande deltakarar som registrerer seg innan 15. januar. Du bestiller overnatting i påmeldingsskjemaet. Ekstra overnatting må dekkjast av deltakar sjølv. Ved spørsmål, kontakt Charla Melander chol@norceresearch.no

Mingle-økt med plakatutstilling

For å fremje nettverksbygging og idédeling på Klimathon 2019 vil vi arrangere ein mingle-økt før middag 19. mars, der det vil bli mogleg å presentere sitt eige arbeid med klimatilpassing i ein plakatutstilling. Vi har plass til 10 plakatar. Ønskjer du å dele erfaringar og planar frå ditt klimatilpassingsarbeid, eller vil du ha meir informasjon om dette, ta kontakt med Jesse Schrage på jesse.schrage@uib.no

Tema for plakatane er:

- Korleis fremjar vi lokal klimatilpassing: Erfaringar og planar framover

Kvar plakat skal også bli følgd av ei kort beskriving på rundt 100 ord som vil blir delt med alle deltakarane på førehand.

Det blir felles middag 19. mars kl 18:00

Har du spørsmål om konferansen? Kontakt Mathew Stiller-Reeve: mast@norceresearch.no

Vil du vite meir? Sjå nettsida til Klimathon

Søknad om reisestøtte

Reisekostnadar til Klimathon 2019 blir i utgangspunktet ikkje dekka. Men vi har i år avgrensa midlar til reisestøtte for dei som må reise langt. Det er altså mogleg å søkje om reisestøtte på opptil 5000 kroner. Ønskjer du å søke om reisestøtte, ta kontakt med lene.omdahl@hfk.no

 

Profilbilde av Lene Omdahl
Lene Omdahl