Kan musikk vere ein brubyggar og motverke radikalisering?

Høyr korleis musikk i undervisning i skulen kan forebygge radikalisering og utanforskap.

9. mai samarbeidar Griegakademiet ved Gamut (Griegakademiets senter for musikkterapiforskning), Høgskulen på Vestlandet, og Hyssingen produksjonsskole om å arrangere del 2 av STALWART-programmet, som er ein del av Erasmus +.

Tema

"Musikk som brubyggar for å motverke radikalisering og utanforskap."

Kva skjer?

Hovudforedragshalder er Dr. Andreas Wölfl, som arbeidar som musikkterapeut og forelesar ved Freies Musikzentrum i München, Tyskland. Han har lang erfaring med å bruke musikk i undervisning i skulen. Han vil forelese om bruk av musikk for å forebygge radikalisering og utanforskap.

Vi serverer lunsj og diverse bidrag frå ungdommane på Hyssingen.

Målgruppe

Er du elev,  tilsett i skulen, representant frå skuleadministrasjon, politikar eller interessert i tematikken, kan du melde deg via linken nedanfor. Konferansen er ein del av gjennomføringa av EU Erasmus+ prosjektet Stalwart.

 

Påmelding