Introduksjonsdag for nye planleggarar i kommunane

Dette arrangementet passar for deg som er nyutdanna og jobbar i ein kommune i Hordaland, men kan også vere nyttig om du har jobba på andre område eller i andre fylke, og nyleg er tilsett som planleggar i ein av våre kommunar.

Hordaland fylkeskommune, saman med Fylkesmannen i Vestland, Statens vegvesen og Kartverket, arrangerer Introduksjonsdag for nye planleggarar for femte gang.

Tilbodet har som mål å gjera det lettare for tilsette i kommunane å få eit overblikk over ansvar og arbeidsmåtar for dei regionale etatane som deltek, og å få møta aktuelle medarbeidarar hos etatane. Det er òg eit mål å gje deltakarane oversikt over korleis ein kan henta råd og støtte for kommunalt planarbeid.

Arrangementet er elles meint å bidra til å skapa nyttige nettverk, og vi avsluttar dagen med middagssamvær på Hotel Grand Terminus. Heile arrangementet er gratis.

Talet på deltakarar vert avgrensa for at gruppa ikkje skal vera for stor. Dersom det er stor interesse vil vi arrangera fleire samlingar.

Program

Fagleg innhald kl 10:00-16:00, møterom Nordhordland, Fylkeshuset
Sosialt samvær og middag: 16:30-18:30, Hotel Grand Terminus

Kontaktperson
Profilbilde av  Cathrine Grasdal
Cathrine Grasdal
90526060