Workshop om samfunnsnyttig massedisponering

Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune inviterer til workshop relatert til forskingsprosjektet «Kortreist stein» (2016-2019).

Samlinga er ein del av arbeidspakken «Planprosessar og ressursforvaltning», der bergensregionen er case.

Målgruppe

Prosjektdeltakarar, kommunar i bergensregionen.

Deltakarane vil få høyre om planar, prosjekt og utfordringar framover på dette området og vere med på idédugnad, mellom anna vurdering av lokalitetar for massedisponering i bergensregionen.

Prosjektet «Kortreist stein» har mellom anna som idé å utvikle meir føreseielege og betre planprosessar for mest mogleg høgverdig og berekraftig bruk av overskotsmassar frå større infrastrukturprosjekt. #grøntskifte #sirkulærøkonomi.

Les meir om prosjektet "Kortreist stein" på norskbergindustri.no

Program

  • 0930 Registrering. Kaffe/te
  • 1000 Velkomen v/ Marit Rødseth, plansjef, Hordaland fylkeskommune
  • 1015 Prosjektet Kortreist stein v/ Lisbeth Alnæs, forskingsleiar, SINTEF Byggforsk
  • 1030 Byggeråstoffa pukk og grus v/ Kari Aslaksen Aasly, lagleiar Byggeråstoff, NGU
  • 1050 Regionale og lokale planprosessar knytt til store anleggsprosjekt v/ Petter Snilsberg, Asplan Viak
  • 1110 Handtering av overskotsmassar i regional planlegging v/ Jomar Ragnhildstveit, Hordaland fylkeskommune
  • 1130 Lunsj
  • 1230 Utredning av lokaliteter for samfunnsnyttig disponering av overskuddsmasser i Bergen - Masseforvaltning i kommuneplanen v/ Ole R. Lindås, Bergen kommune
  • 1250 Utgreiing av lokalitetar for samfunnsnyttig disponering av overskotsmassar i samband med ny E16/Jernbane Arna-Voss (K5) og E39 Stord-Bergen m.m. - planprosessar og planar - Steinkvalitet v/ Jomar Ragnhildstveit, Hordaland fylkeskommune
  • 1320 Døme på planhandtering av overskotsmassar i andre store infrastrukturprosjekt v/ Jomar Ragnhildstveit, Hordaland fylkeskommune
  • 1340 Beinstrekk
  • 1350 Idédugnad: Samfunnsnyttig massedisponering (Bergensregionen)
  • 1440 Oppsummering
  • 1500 Slutt
Profilbilde av Jomar Ragnhildstveit
Jomar Ragnhildstveit
97666576