Vidareutdanning innan tilpassa opplæring og spesialpedagogikk for ungdom

Fylkesdirektør opplæring gjer med dette merksam på at skulane no kan legge inn søknad til vidareutdanning innan tilpassa opplæring og spesialpedagogikk for ungdom studieåret 2019/2020.

Hordaland fylkeskommune har avtale med Høgskulen om kjøp av studieplassar. Studiet er ei vidareutdanning som gir 30 studiepoeng og går over eitt år. Studiet er basert på samlingar.

Opptakskrav:

  • Fullført lærarutdanning,Bachelorgrad eller tilsvarande med minimum 60 studiepoeng i pedagogikk.
  • Fast stilling som lærar ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Meir om studieinnhald og organisering finn du på høgskulen si nettside.

Opplæringsavdelinga dekkjer studieavgifta. Rektor, assisterande rektor eller avdelingsleiar kan legge inn søknad for aktuelle lærarar ved skulen.

Søknadsfrist: Onsdag 15. mai 2019

Til påmelding