Innspelsmøte om felles anleggspolitikk for nye Vestland fylkeskommune

Fellesnemnda for nye Vestland fylkeskommune skal 23. mai 2019 vedta ein felles anleggspolitikk og kriteria for tildeling av spelemidlar. Tilsette i kommunane som jobbar med anlegg til idrett og friluftsliv vert invitert til denne fagdagen for å gje innspel til dette arbeidet.

Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane fordelte i 2018 omlag 192 mill. av overskotet frå Norsk Tipping til utviking av anlegg i fylka. Kva for tyding har dette for fylket og kommunar si rolle som samfunnsutviklar knytt opp mot folkehelse, inkludering, fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – inn i ei ny tid?

Tema

Denne dagen skal kommunane skal få høve til å kome med innspel til arbeidet med ein felles anleggspolitikk for den nye fylkeskommunen.

Målgruppe

Kommunetilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane som jobbar med anlegg til idrett og friluftsliv.

Praktisk informasjon

Programmet vert streama og ein kan velje om ein vil delta i fagsamlingane på fylkesbygget, samlast regionalt eller sitje på eige kontor. 

For dei som vil delta fysisk, finn samlingane stad i fylkeshuset i Bergen (Møterom Vestland) og på Thon Hotel Førde.

Påmelding

Bruk påmeldingsskjemaet og meld deg på innan 9. januar 2019.

Program

  • Kl 10.00 Anlegg for idrett og fysisk aktivitet som del av samfunnsutviklinga i Vestland fylke v/ Per Morten Ekerhovd, direktør for kultur, idrett og inkludering
  • Kl 10.15 Kunnskapsgrunnlag og føringar for anleggsutviklinga på Vestlandet
    • Anleggsstatus
    • Levekårundersøking og folkehelseprofilar
    • Ung-data for Vestland
    • Statleg anleggspolitikk
  • Kl 11.05 Gjeldande modellar for fordeling av spelemidlar i Hordaland og i Sogn og Fjordane
  • Kl 11.35 Lunsj
  • Kl 12.20 Innspel frå kommunane – gruppearbeid eller individuelt arbeid
    • Korleis bør den felles anleggspolitikken og kriteria for tildeling av spelemidlar i nye Vestland fylkeskommune frå 2020 vere?
    • Spørsmåla tek utgangspunkt i føringar og kunnskapsgrunnlag som er presentert gjennom dagen.
    • Innspel kan sendast inn via Netigate undervegs eller etter samlinga, innan 22. januar.
  • Kl 1345 Informasjon om vegen vidare

Last ned programmet i pdf

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
48991265