Folkehelseoversikt i kommunane

Workshop for utvikling av eit deskriptivt kunnskapsgrunnlag for folkehelseoversikt i kommunane.

Hordaland fylkeskommune inviterer til workshop for å lage kunnskapsgrunnlag til kommunane si folkehelseoversikt. Målsettinga for dagen er at deltakarane skal ha på plass så mykje som mogleg av datagrunnlaget som er naudsynt for ei god folkehelseoversikt. I dialog med analysegruppa får kommunen hjelp til utvelging av variablar og presentasjonsmåte.

For diskusjonen sin del er det er eit føremon at fleire frå kommunen deltek. Viss kommunen har utarbeidd ein disposisjon for kva oversikta skal innehelde i forkant av workshopen, er det eit føremon, men ikkje eit krav.

Sjå forslag til oppbygging, disposisjon og variabelutval for folkehelseoversikt.

Målgruppe

Tilsette i kommunane som arbeider med folkehelseoversikt. Kommunane i Sogn og Fjordane er også velkomne til å melde seg på.

Generell informasjon til deltakarar

Ta med eigen pc. Det vil bli servert lunsj.

Det er sett opp tre workshopar med dette som tema: 17. januar (Bergen), 14. februar (Bergen) og 15. februar (Skei). Som oppfølging vil det bli arrangert ei samling med tema "Vurdering av årsaksforhold og konsekvensar" i juni.

Kontaktperson
Profilbilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
97700413