Folkehelseoversikt i kommunane

Workshop for utvikling av eit deskriptivt kunnskapsgrunnlag for folkehelseoversikt i kommunane.

Hordaland fylkeskommune inviterer til workshop for å lage kunnskapsgrunnlag til kommunane si folkehelseoversikt.
Målsettinga for dagen er at deltakarane skal ha på plass så mykje som mogleg av datagrunnlaget som er naudsynt for ei god folkehelseoversikt. I dialog med analysegruppa får kommunen hjelp til utvelging av variablar og presentasjonsmåte.

For diskusjonen sin del er det er eit føremon at fleire frå kommunen deltek. Viss kommunen har utarbeidd ein disposisjon for kva oversikta skal innehelde i forkant av workshopen, er det eit føremon, men ikkje eit krav.

Sjå gjerne lenke for forslag til oppbygging, disposisjon og variabelutval for folkehelseoversikt.

Målgruppe

Tilsette i kommunane som arbeider med folkehelseoversikt. Kommunane i Sogn og Fjordane er også velkomne til å melde seg på.

Generell informasjon til deltakarar

Ta med eigen pc.
Det vil bli servert lunsj.

Det blir sett opp to workshopar: 17. januar og 14. februar. Det er lov å melde seg på begge.
Som oppfølging vil det bli satt opp ei samling for vidare arbeid med utvikling av folkehelseoversikta (vurdering av årsaksforhold og konsekvensar) til våren.

Kontaktperson
Profilbilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
97700413