Folkehelseoversikt i kommunane - Førde

Workshop for vurdering av årsakssamanhengar og konsekvensar.

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer Hordaland fylkeskommune til workshop for folkehelseoversikt.

Målet for dagen er å diskutere samanhengar og konsekvensar av dei utviklingstrekka vi ser. Dette er ei oppfølging av arbeidet som blei starta i januar/ februar med uthenting av statistikk.

Program

10-10.30

Velkommen og introduksjon til dagen

 

Presentasjon av folkehelseoversikta for Vestland fylkeskommune

 

10.30-11.15

Tema 1 – Folketalsutviklinga i kommunen

Folketalsutviklinga som er venta i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er veldig ulik. Nokre ventar mange unge, andre mange eldre, nokre har sterk tilflytting, andre ventar fråflytting.

 

Korleis ser utviklinga ut i din kommune? Er det utviklingstrekk som kan forsterke folketalsutviklinga, eller motverke den? Korleis er samansetnaden i befolkninga, er det innvandring, kvar kjem dei frå?

Arbeid i grupper

11.15-12.00

Tema 2 – Tilgang til fysiske kvalitetar i nærmiljøet

Tilgang til dei fysiske kvalitetane i nærmiljøet kan legge til rette for, eller vere til hinder for trivsel og deltaking. Trygg framkomst, tilgang på turvegar, gang- og sykkelvegar, eller kollektivtilbod er døme på fysiske kvalitetar.

 

Korleis er dei fysiske kvalitetane i din kommune? Er det særskilte utviklingstrekk som kan hindre bruk eller deltaking på grunn av fysiske forhold? Eller utviklingstrekk som har positive ringverknader?

Arbeid i grupper

12.00-13.00

Lunsj

 

13.00-14.15

 

 

Alternativ 1

Tema 3 - Deltaking i samfunnet

Ei sosialt deltakande befolkning er viktig for demokratiet og for å kunne ta i vare eit samfunn prega av tillit. Forhold i kommunen og i nærmiljøet kan bidra til å forsterke eller svekke utanforskap og inkludering. Møteplassar og kultur- og fritidstilbod er døme på arenaer for sosial deltaking. Barnehage, skule og arbeid er andre døme.

 

Finst det arenaer for deltaking i din kommune? For kven og kva for kvalitet har dei? Er det særskilte utviklingstrekk som kan forsterke, eller hemme deltaking lokalt?

Arbeid i grupper

13.00-14.15

 

 

 

Alternativ 2

Tema 3- Livskvalitet og psykisk helse

Ei god psykisk helse med trivsel i kvardagen er avgjerande for helsa generelt og som grunnlag eit godt samfunn. Trivsel og deltaking heng saman – i skule, i arbeidsliv og i sivilsamfunn.

 

Ut frå den kunnskapen du har for din kommune, korleis har folk det? Er det ulikt mellom aldersgrupper, kjønn, bakgrunn? Ser de utviklingstrekk som kan forsterke, eller minske livskvalitet i kommunen?

Arbeid i grupper

14.15-15.00

Oppsummering

 

Kva for utfordringar hadde vi med oss til møtet i dag

Kva har vi lært i dag

Dette skal vi gjere vidare i arbeidet med folkehelseoversikta

Kom-munane oppsum-merer kvar for seg

 

Sjå gjerne lenke for forslag til oppbygging, disposisjon og variabelutval for folkehelseoversikt.

Målgruppe

Tilsette i kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som arbeider med folkehelseoversikt.

For diskusjonen sin del er det er ein føremon at fleire frå kommunen deltek.

Generell informasjon til deltakarar

Det er tilbod om overnatting viss ønskeleg.

Det vil bli servert lunsj.
Det blir sett opp tre workshopar: 27. august, 29. august og 5. september.  Det er lov å melde seg på fleire, men oppbygging og innhald vil vere det same alle tre gangane.