Erfarings- og drøftingsmøte om regionale forskingsfond på Vestlandet

Grunna regionreforma nærmar det seg slutten for Regionalt forskingsfond Vestlandet i noverande form. Kva er resultata frå dei siste fire åra og korleis vert vegen vidare? Styret for fondet inviterer til ope erfarings- og drøftingsmøte.

Om arrangementet

Kva er resultata frå dei siste fire åra og korleis vert vegen vidare? Styret for fondet inviterer til ope erfarings- og drøftingsmøte.

Sjå streaming av møtet

Om Regionalt forskingsfond

I 2010 vart regionale forskingsfond oppretta for å styrke forsking for regional innovasjon og utvikling ved å stø opp under dei prioriterte innsatsområda i regionen og mobilisere til auka FoU-innsats. Fylkestinga i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland har gitt føringar for korleis Regionalt forskingsfond Vestlandet skal prioritere innsatsen. Frå starten har fondet satsa spesielt på forskingsstøtta innovasjon i næringsliv og kommunal sektor. Å mobilisere næringsliv og offentleg sektor til å ta i bruk forsking som middel til innovasjon og utvikling har difor også vore sentralt i fondet sitt arbeid.

I perioden 2016-2019 har fylkestinga gitt føring om at fondet skal i bidra til:

  • Verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor
  • Evne til innovasjon og omstilling – no og i framtida
  • Gode klima- og miljøløysingar

Prioriterte hovudtema for forskinga har vore:

  • Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane
  • Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
  • Innovasjon i kommunal sektor

Program:

På møtet vil det bli presentert resultat og erfaringer frå arbeidet dei siste fire åra. Dette skjer i form av oppsummeringar samt presentasjon av nokre prosjekt. Det vert så lagt opp til ei drøfting av korleis ordninga med regionale forskingsfond best kan fungere frå 2020.

  • RFF Vestlandet dei siste fire åra og politiske signal om framtida v/ styreleiar.
  • Erfaringar og resultat frå nokre prosjekt v/ bedrifter og kommunar i fondsregionen.
  • Viktigaste regionale drivarar for innovasjon i bedrift. Kva seier forskinga?
  • Introduksjon og drøfting om framtida for regionale forsknignsfond på Vestlandet. Korleis kan eit regional forskingsfond best bidra til meir og betre forsking og regional innovasjon?

Møteleiar: Arnt Fløysand, professor Samfunnsgeografi, UiB/HVL

Ved møtestart vert det servert litt kaffimat med kaffi, te og mineralvann

DEL 1 INTRODUKSJON

Kl. 12.30 Velkomen
Jone Engelsvold, sekretariatsleiar RFF Vestlandet

Kl. 12.40 RFF Vestlandet har oppnådd gode resultat, men har enno mykje ugjort
Jenny Følling, styreleiar RFF Vestlandet

Kl. 13.00 Spørsmål og kommentarar

DEL 2 RESULTAT OG ERFARING FRÅ NOKRE PROSJEKT

Kl. 13.10 Samhandling for grønt skifte
Synnøve Stalheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kl. 13.25 Alarmmottak som sentral utfordring og mulegheit i omsorgsteknologitilbod
Benthe Fjeldstad Helland, Lindås kommune

Kl. 13.40 Spørsmål og kommentarar: Erfaring med forskings- og innovasjonsprosjekt i kommunal sektor. RFF Vestlandet si rolle.

Kl. 14.00 Kort pause. Beinstrekk og kaffe/te

Kl. 14.15 FoU for betre batteriløysingar
Svein Kvernstuen, Beyonder AS, Stavanger

Kl. 14.30 Teknologi for måling av tilstanden i havet
Inger Graves, Xylem Analytics, Aanderaa Data Instruments AS

Kl. 14.45 Spørsmål og kommentarar: Erfaring med forskings- og innovasjonsprosjekt i bedrift. RFF Vestlandet si rolle.

DEL 3 FRÅ ERFARING TIL FRAMTID

Kl. 15.05 Viktigaste regionale drivarar for innovasjon og regional omstilling. Kva seier forskinga?
Stig Erik Jakobsen, professor HVL og prosjektleiar for det RFF-støtta forskarprosjektet om drivkrefter for innovasjon og regional omstilling i næringslivet

Kl. 15.20 Kort pause

Kl. 15.30 Korleis kan eit regional forskingsfond best bidra til meir og betre forsking og regional innovasjon? Drøfting i panel og plenum.

I panel:
Steinar Dvergsdal, Styret for RFF Vestlandet
Svein Kvernstuen, Beyonder AS
Kathrin Jakobsen, Hordaland fylkeskommune
Jens Kristian Fosse, HVL
Astrid Toft, KS

Kl. 16.25 Avslutning
Jenny Følling, styreleiar RFF Vestlandet

Lenke til program i PDF-versjon.

Jone Engelsvold
Randi Lotsberg