Dialogmøte i Gulen

Dialogmøte om utvikling av Vestland fylke. Fylkesordførarane Anne Gine Hestetun og Jenny Følling presenterer visjonane for den nye regionen.

Om møtet

Dette er eitt av fem opne møte om viktige vegval for Vestland fylke. Fylkesordførarane  Anne Gine Hestetun og Jenny Følling presenterer visjonane for den nye regionen saman med fellesnamnda sitt arbeidsutval.

Eit føremål med møtet er at folk kan koma med innspel om kva dei meiner bør prioriterast i ein utvikklingsstrategi for fylket.

Program

Møteleiar: Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune

16.30 - 17.00: Kaffi og matbit

17.00 - 17.25: På veg mot Vestland fylke.

  •  Velkomen til dialog - visjonar for eit sterkt Vestland ved Anne Gine Hestetun, leiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Hordaland og Jenny Følling, nestleiar i fellesnemnda og fylkesordførar i Sogn og Fjordane.
  • Slik blir Vestland fylkeskommune organisert ved Rune Haugsdal, prosjektleiar for Vestland fylkeskommune.

17.25 - 18.40: Utfordringar i regionen

  • Rapport med fakta om regionen og  resultat frå spørreundersøking ved Martin Tvedt, spersialrådgjevar i Hordaland fylkeskommune.
  • Viktige felles utfordringar i regionen slik vi ser det ved Karstein Totland, leiar Regionrådet i Nordhordland og ordførar i Masfjorden, Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland næringslag, Gunhild Berge Stang, leiar Regionrådet i HAFS og ordførar i Fjaler og Inger Johanne Osland, administrerande direktør, Haugaland rehabiliteringssenter AS.

18.40 - 19.00: Beinstrekk og forfriskningar

19.00 - 20.00: Innspel om utfordringar for Vestland fylke

  • Ordet er fritt – innspel til nytt fylke
  • Oppsummering – dette tar vi med oss inn i Vestland fylke.

Målgruppe

Alle som har synspunkt  på kva som bør vera satsingsområde dei første åra i det nye fylket.

Møta er opne for alle, men representantar for kommunane, regionråda og viktige nærings- og samfunnsaktørar vert invitert spesielt, i tillegg til fellesnemnda sitt arbeidsutval og fylkesadministrasjonen:

  • Regionrådet Nordhordland
  • HAFS
  • Kommunane Hyllestad, Solund, Askvoll, Fjaler, Austrheim, Fedje, Gulen,  Masfjorden, Modalen, Radøy, Lindås, Meland, Osterøy

Ingen påmelding, men vis gjerne interesse for møtet på facebookeventen.