Dialogkonferansen 2019

Velkommen til aktive dagar på Austevoll

Dialogkonferansen er ein årleg møtestad for kommunar og fylkeskommunen der målet er fagleg oppdatering, nettverksbygging, motivering og inspirasjon til vidare arbeid med tilrettelegging for fysisk aktivitet. Andre regionale samarbeidspartnarar blir inviterte ut frå innhaldet i programmet. Representantar frå kommunen deltek i planlegginga av konferansen for å få eit best mogeleg program i høve dei utfordringane kommunane står ovanfor innan fagfeltet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Målgruppa

Målgruppa for konferansen er tilsette i kommunane som er ansvarleg for kultur, idrett og friluftsliv, folkehelse og plan. Tema endrar seg litt for kvart år, og vi ser gjerne at kommunane deltek med aktuelle representantar. Det er også nyttig for politisk nivå, for å få forankring og kjennskap til fagområde.

Praktisk informasjon

Deltaking på konferansen er gratis og Hordaland fylkeskommune dekker kostnaden ved overnatting for ein deltakar frå kvar kommune. Vi overnattar på Bekkjarvik Gjestegiveri. Pris per person utover dette er kr 2 500,-. Kostnad til reise t/r må dekkast av den enkelte kommune/ organisasjon for alle deltakarar. Vi oppmodar alle til å sjå nøye på programmet, og ta med sko og klede etter høve. Det er ofte synfaringar ute på anlegg, både ved skular, idrettsparkar og friluftsområde. 

Program

Tysdag 17. september

9.30: Registrering med lett servering
10.00: Velkomen til Austevoll
Helsing frå ordførar
Helsing frå Utval for kultur, idrett og regional utvikling
10.35: Sidan sist v/ Britt Karen Spjeld
11.20: Pause
11:30: NIF sin nye anleggspolitikk v/ Knut Songve og Narve Heggheim
Diskusjon – innovative anlegg og/eller miljø
13:00: Lunsj
14:00: Nærmiljø – dei gode modellane
Behovsundersøking, medverknad
GIS-registreringar og levekårsundersøkingar i planarbeid v/ Bergen kommune
15:00: E-sport, kort orientering om utviklinga i Hordaland
15:15: Pause
15:25: Dagsturhytter, kort orientering om arbeidet i Hordaland/Vestland
15:40: Friluftslivets ferdselsårer v/ Håkon Tufteland/ Eirik Knive
15:55: Døme frå Kvinnherad v/Kristian Helgesen
16:20: Diskusjon
16:40: Praktisk info
18:00: Camp Austevoll
Ferskingkurs og utemiddag i samarbeid med Bergen og Hordaland Turlag
Quiz

Onsdag 18. september

07:00: Aktiv kvar morgon – morgonbad!
08:30: Synfaring i Bekkjarvik - skuleområde, sherpatrapper
10:00: Austevollbadet, omsyning
Tilrettelegging for alle v/dagleg leiar Mette Storebø
10:45: Pause med kaffi og frukt
11:00 Spelemidlar v/ Bjørg Larsen og Rune Åland
Behovsvurdering, dugnad, friluftsliv
12:30: Lunsj
13:30: Spelemidlar fortset
14.20: Takk for denne gong!
Oppsummering og vegen vidare mot nye Vestland v/ utval for kultur, idrett og regional
utvikling.

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
48991265
Spesialrådgjevar
Profilbilde av Hanne Espe