Nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge

Korleis skal vi leggje til rette for å møte den forventa veksten i cruisetrafikken til Norge? Er beredskapen god nok og kva for energiformer skal kaianlegga tilby? Og må vi ha avgrensingar i anløpa? Desse og mange andre spørsmål er tema for den nasjonale konferansen om cruiseturisme til Noreg.

Konferansen er aktuell for alle aktørar i Noreg som er involvert i cruiseturisme: reiarlag, turoperatørar, næringsorganisasjonar, interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylker og departement.

Hovudmålet med konferansen er å auke kunnskapen omkring nokre av dei mange utfordringane knytt til cruiseturisme i Noreg. Både næringa og det offentlege har trong til å planleggje og ta best mogleg avgjerder om korleis en skal legge til rette for og møte den forventa veksten i cruisetrafikken til Noreg som prognosane peker på. Konferansen vil veksle mellom presentasjonar, paneldiskusjonar og debatt der konferansedeltakarane deltek.

Program

På konferansen vil sentrale spørsmål bli satt søkjelys på og satt under debatt. Programmet for konferansen byr mellom anna på følgjande tema og presentasjonar;

 

  • Kl. 08.00 Registrering
  • Kl. 09.00 Velkommen v/ statssekretær Atle Hamar, Klima- og miljødepartementet
  • Kl. 09.15 Opningsforedrag v/statssekretær Atle Hamar, Klima- og miljødepartementet

  • Kl.  09.15 Treng vi ein nasjonal cruisestrategi og kva bør denne vektlegge og prioritere? Innlegg ved representantar frå ulike deler av cruisenæringen og med påfølgande paneldebatt.

  • Kl. 11.30 Lunsj
  • Kl. 12.30 Den nye Hamne- og farvasslova. Gjennomgang ved Samferdselsdepartementet. Kva for endringar inneber revidert Havne- og farvasslov, og kva tyder dette for den enkelte hamn og destinasjon når det gjeld lokale avgrensingar og reguleringar?

  • Kl. 13.25 Tålegrenseanalyser for reisemål. Presentasjon av et analyseverktøy som reisemål kan nytte for å vurdere stadens optimale tåleevne når det gjeld å ta imot tilreisande og cruisegjestar. Analyseverktyet er utarbeida av McKinsey Company på oppdrag frå World Travel and Tourism Council og er basert på undersøkingar og data frå 34 byer rundt om i heile verda.

  • Kl. 13.40 Kaffipause og beinstrekk
  • Kl. 14.10 Framtidige energiformer for cruiseskip. Er det landstraum, batteridrift, LNG, hydrogen eller andre energiberarar som er framtida innafor cruisenæringen? Kva for konsekvensar vil valg av energiform ha for Norge? Kva for mogelegheiter opnar dette for reiselivsnæringa og andre leverandørnæringar? Innleiing ved Norsk Klimastiftelse og DNV-GL Grønt Skipsfartsprogram. Korte innlegg frå representantar som er involvert i noen av dei mest aktuelle alternativa.

  • Kl. 15.25 Beredskap knytt til cruisetrafikk i Norge. Er vår beredskap i forbindelse med uønska hendingar knytt til cruisetrafikk god nok? Er norske myndigheter i stand til å handtere alvorlige, uønska hendingar med fleire tusen passasjerar og mannskap involvert? Korleis kan vi best førebyggje for å unngå slike hendingar i framtida? Institutt for marin teknikk, NTNU og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
  • Kl. 16.15 Oppsummering og konklusjonar
  • Kl. 16.30 Vel heim!


Påmelding og deltakaravgift

Konferansen er ein dagskonferanse (09.00-16.30) og finn stad på Grand Hotel Terminus i Bergen. Deltakaravgifta er kr. 500 og inkluderer lunsj.

Beløpet faktureras ved påmelding. Eventuell overnatting ordnar den enkelte konferansedeltakar sjølv. Se lenkeboks for påmelding til konferansen. Stadfesting for påmelding vert sendt når påmelding er motteke.

Kontaktperson
Trond Amland
90855755