Vest-Norges Brüsselkontor

Vest-Norges Brüsselkontor har som oppgåve å synleggjere Vest-Norge som samarbeidspartnar for andre europeiske regionar, vere lyttepost og ha ei opa dør mot institusjonane i EU og EØS.

Kontoret skal også formidle informasjon om det som skjer i EU/EØS av særleg interesse for Vest-Norge, og å identifisere EU/EØS-program og prosjekt av interesse for Vest-Norge.

Vest Norges Brüsselkontor (VNB) blei etablert i 2003 og er eigd av kommunar og fylkeskommunar i Vest-Norge. Kontoret er eit av seks norske regionkontor i Brussel. Hordaland fylkeskommune er medlem av VNB saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og 14 kommunar.

Hordaland fylkeskommune nyttar VNB som eit kontaktpunkt, informasjonskanal, og møteplass for regionalt samarbeid i Europa. 

Vest-Norges Brüsselkontor si nettside

 

Har du spørsmål?