Samarbeidsregionar

Hordaland fylkeskommune samarbeider med ei rekkje regionar i ulike europeiske land. Vi har formaliserte avtalar med Orknøyane og Cardiff i Storbritannia, Normandie i Frankrike, og Kaunas i Litauen. I tillegg har vi eit samarbeid med Edinburgh/ Skottland, og med Thüringen i Tyskland.

Samarbeidet med desse regionane omhandlar utdanning og elevutveksling, kultursamarbeid, næringsutvikling, forsking og innovasjon og samarbeid innan helse og sosialområdet.  Utover dette samarbeider fylkeskommunen med ei rekkje byar og regionar i konkrete prosjekt.

Samarbeidsregion Orknøyane, Skottland

Samarbeidet starta i 1983, då Orkney Islands Council og Hordaland fylkeskommune inngjekk ein venskapsavtale.
Sidan Orknøyene og Hordaland har ei felles historie heilt tilbake til vikingtida, har mange av samarbeidsaktivitetane vore knytt til historiske hendingar. Kvart år sender Hordaland fylkeskommune ein delegasjon til Orknøyene for å vere med på den tradisjonelle tenninga av juletreet utanfor St Magnus katedralen. Det meste av samarbeidet har vore innan kulturfeltet.
For meir informasjon om samarbeidet og moglege samarbeidsprosjekt, kontakt:


Samarbeidsregion Cardiff, Wales

Samarbeidet mellom Cardiff og Hordaland hadde utgangspunkt i attreisinga av Den Norske Sjømannskyrkja i Cardiff Bay. Samarbeidsavtalen vart opphavleg inngått med det dåverande South Glamorgan Council i 1993. Etter den regionale omorganiseringa på walisisk side vart det eit ønske om å halde fram samarbeidet mellom hovudstaden i Wales, Cardiff, og Hordaland fylkeskommune. Dette vart formelt stadfesta i desember 2000.

Dei siste årene har det vore mest fokus på utdanningssamarbeid: Vg2 i utlandet. Rundt 15 elevar årleg tar eit skuleår ved vidaregåande skular i Cardiff og Vale of Glamorgan-området. Tilbodet er koordinert av Knarvik vidaregåande skule.

 

Samarbeidsregion Normandie, Frankrike

I 1993 vart det underteikna ein samarbeidsavtale mellom Conseil Régional de Basse-Normandie i Frankrike og Hordaland fylkeskommune. Bakgrunnen for avtalen var dei historiske banda mellom regionane.  I mai 2013, i samband med 20-årsjubileet, blei det underteikna ein ny avtale.

Frå 1. januar 2016 er Nedre-Normandie og Øvre-Normandie slått saman til ein region: Normandie.
Samarbeidet er konsentrert om fellesaktivitetar innan følgjande område:

  • Utdanning og fagopplæring, e.g. Vg2 i utlandet koordinert av Voss gymnas.
  • Kultur og kulturminne, e.g. deltaking i Borealisfestivalen og kunstnarutveksling
  • Økonomisk utvikling, forsking og innovasjon

 

Samarbeidsregion Kaunas, Litauen

Den formelle samarbeidsavtalen mellom Hordaland fylkeskommune og Kaunas blei underteikna i august 1998. Utdanning, helse- og sosialområdet, kultur og tiltak på ungdomssida var sentrale felt i avtalen. Då avtalen blei fornya i 2004 blei næring og nyskaping eitt nytt viktig samarbeidsområde.
Døme på prosjekt som har blitt gjennomført:

Demokratiseringsprosjekt i regi av Folkeakademiet, innovasjon i skulesektoren og utvekslingar av kunstnarar. I dei seinare åra har det særleg vore samarbeid og erfaringsutveksling innan helse- og omsorg for barn og unge, og korleis utvikle trygge lokalsamfunn.

 

Samarbeidsregion Thüringen, Tyskland

Sjølv om det ikkje eksisterer ein formalisert samarbeidsavtale, så har Hordaland fylkeskommune hatt eit særs godt samarbeid med regionen Thüringen i mange år, særleg innan næringsutvikling og utdanning.

Det er to tilbod om Vg2 i Erfurt, Thüringen:

  • Elektrofag ved Andreas Gordon Schule
  • Studiespesialiserande utdanningsprogram ved Albert Schweitzer Gymnasium

Tilboda er koordinert av Askøy vidaregåande skule.

 

Samarbeidsregion Edinburgh, Skottland

Samarbeidet med Edinburgh byggjer på dei historiske banda og er i særleg grad knytt opp mot arrangementa i samband med festivalen Edinburgh Capital Christmas Festival. Kvart år sidan 1986 har Hordaland gitt eit juletre i gåve til Edinburgh som takk for den hjelpa vi fekk frå Skottland under andre verdskrig.

Edinburgh er også inngangsporten til eit samarbeid med skotske styresmakter og andre offentlege aktørar i Skottland. Det er starta eit samarbeid med Historic Environment Scotland om kultur og kulturminnevern. I tillegg har vi hatt innleiande samtalar om samarbeid innan utdanning, næring og fornybar energi med aktuelle aktørar.