Interreg

Interreg er EU sitt program for å fremje sosial og økonomisk utvikling over landegrensene gjennom regionalt samarbeid.

Hordaland fylkeskommune si rolle er å motivere til deltaking i alle Interreg  sine program der Hordaland kan delta. Desse er:

  • Nordsjøprogrammet
  • Nordlig Periferi Arktis-programmet
  • Østersjøprogrammet
  • Interreg Europe

Hordaland fylkeskommune har rolla som nasjonalt kontaktpunkt i Nordsjøprogrammet. Dette er ei rådgjevingsteneste for søkjar og deltakar. Programmet har eit budsjett på 167 millionar euro frå EU.

Kven kan søkje

Både private og offentlege verksemder og organisasjonar, som til dømes kommunar og fylkeskommunar, universitet og høgskular, forskingsinstitusjonar, nærings- og arbeidslivsorganisasjonar, bransjeorganisasjonar og statlege styresmakter kan søkje. Også private bedrifter kan delta som prosjektpartnarar i fleire av programma, og kan få støtte til dette.

Kva kan du få støtte til?

Interreg prosjekt sørgjer for å løyse samfunnsutfordringar gjennom samarbeid med prosjektpartnarar i andre europeiske land. Utfordringar inkluderer til dømes fornybar energiforsyning, kapasitetsbygging, nye digitale tenester, gode transportløysingar og eko- innovasjon. For å kunne søkje prosjektstøtte må prosjektet gi ein meirverdi som ein ikkje kan oppnå ved å gjennomføre prosjektet lokalt/nasjonalt. Aktørar har også moglegheit til å kople seg opp til eit allereie eksisterande nettverk som utviklar eit relevant prosjekt. Du treng ikkje står for heile prosjektutviklinga og organiseringa sjølv. Organisasjonen eller bedrifta må saman med samarbeidspartnerar finansiere minst 50 prosent av prosjektet sine kostnader.

interreg.no finn du også informasjon om dei ulike Interreg-programma.

Kvifor søkje?

Organisasjonen byggjer nye nettverk og kan få tilgang til nye marknader. Deltakarane lærer frå andre regionar og kan utvikle  eigen kompetanse gjennom prosjektarbeid. Organisasjonen får midlar til å gjennomføre relevante og utviklande aktivitetar.

Slik søkjer du

Eit godt og relevant partnarskap er nøkkel til å lykkast. Prosjektidéen må også oppflylle krav og forventningar til programområdet.
Kontakt oss for meir informasjon om programmet og søknadsprosess.
www.interreg.no finn du også meir informasjon om dei ulike Interreg-programma.

Rådgjevar
Profilbilde av Katharine Louise Clarke
Katharine Louise Clarke
93467645