Internasjonale organisasjonar

For å kunne vere med å påverke den europeiske politikken som gjeld utviklinga i Hordaland, er vi aktivt medlem i europeiske organisasjonar.

Prioriterte organisasjonar er Nordsjøkommisjonen (NSC), Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR) og Baltic Sea States Subregional Cooperation (BSSSC). I desse organisasjonane får Hordaland fylkeskommune informasjon om, og innverknad på den regionalpolitiske utviklinga i Europa. 

Nordsjøkommisjonen (NSC)

Hordaland fylkeskommune er medlem i Nordsjøkommisjonen (NSC). Kommisjonen blei oppretta i 1989. NSC er ein av seks geografiske kommisjonar under den politiske paraplyorganisasjonen CPMR, ein europeisk tenketank for periferiske regionar i Europa. Hovudmålet er å fremje samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen for å finne gode løysingar, dele erfaringar og arbeide for å påverke politikkutforming i Brusssel. Dette er ei viktig reiskap i det norske handlingsrommet under EØS- avtalen.

Nordsjøkommisjonen har 31 medlemsregionar frå 7 land i Nordsjøregionen: Skottland, England, Nederland, Tyskland, Danmark, Sverige og Norge. 11 fylkeskommunar i Noreg er medlemar.  Alle dei fire Vestlandsfylka er med. Kommisjonen jobbar spesielt med berekraftig utvikling med fokus på kultur og turisme, marine ressursar, berekraftig transport og energi og klimautfordringar.

Conference of Peripheral and Maritime Regions (CPMR)

CPMR er moderorganisasjonen for Nordsjøkommisjonen.  Medlemmane er i hovudsak perifere kystregionar eller perifere regionar i Europa. Organisasjonen arbeider med problemstillinga "Sentrum versus Periferi" og er oppteken av balansert utvikling av regionane. CPMR jobbar med utkantproblem, fråflytting og betre regional utnytting av ressursane. Gjennom denne organisasjonen har Hordaland fått auka fokus på saker som blir tatt opp i Nordsjøkommisjonen, mellom anna sjøtransport og radioaktiv forureining. Organisasjonen arbeider elles målretta og effektivt inn mot ulike organ i EU med regionale spørsmål.