Horisont 2020

Horisont 2020 er verdas største forskings- og innovasjonsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år.

Programmet og utlysingane er delt inn i tre hovudsøyler og 12 fokusområde. Dei tre søylene omfattar framifrå forsking, industrielt leiarskap og samfunnsutfordringar, medan fokusområda inkluderer helsetenester, digital tryggleik, bærekraftig transport og utviklinga av smarte byar. 

Kven kan søkje?

Programmet har eit breidt nedslagsfelt, og rettar seg mot industri, private verksemder og forskings- og utviklingsaktørar, men også mot nye brukargrupper som offentleg sektor og andre organisasjonar.

Programmet retter seg difor til brukargrupper som ikkje har vore mykje involvert i denne typen prosjekt tidlegare. Verkemidla for små og mellomstore bedrifter og offentleg sektor er i større grad enn tidlegare bygd inn i programmet.

Vilkår for tildeling

Programmet har ei tverrfagleg tilnærming og utlysingane kjem til å etterlyse konkrete vitskapelege løysingar innanfor økonomi, humaniora eller teknologi for spesifikke problemstillingar. Eit viktig mål er å tilpasse innovasjon betre til etterspurnad og flytte den nærare marknaden og brukarane.

Det er ei stor satsing på tema som helse, energi og transport og det blir ei utfordring for Noreg å arbeide på denne nye måten på tvers av sektorar og organisasjonar. Det er hard konkurranse om prosjektmidla i dei rundt hundre årlige utlysingane. EU-kommisjonen reknar med omlag 40 000 søknader kvart år.

rådgjevar
Profilbilde av Katharine Louise Clarke
Katharine Louise Clarke
93467645