Erasmus+ for elevar, lærlingar og lærarar

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020. Programmet er verdas største utdanningsprogram, og legg til rette for praksisopphald eller deltaking i samarbeidsprosjekt i Europa.

Kven kan søkje?

Vidaregåande skular, opplæringskontor og lærebedrifter kan søkje på vegne av elevar, lærarar, lærlingar og opplæringsansvarlege.

Kva kan du få støtte til?

  • Mobilitetsprosjekt:
    • praksisopphald i Europa for yrkesfagelevar (gjennom Prosjekt til fordjuping)
    • lærlingar kan ta delar av læretida si i Europa
    • hospiteringsopphald i skule/bedrift for yrkesfaglærarar og opplæringsansvarlege i bedrift
    • deltaking på kurs eller hospiteringsopphald for lærarar
  • Partnarskapsprosjekt:
    • samarbeid mellom skular/organisasjonar for å utvikle, utveksle og prøve ut fagleg samarbeid

Kvifor Erasmus+?

Det er mange fordelar ved å delta i Erasmus+, blant anna vil du kunne få:

  • Arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Utvida fagkunnskap
  • Bli kjend med nye arbeidsmetodar og verktøy
  • Lære andre kulturar å kjenne
  • Utvida språkerfaring

Slik søkjer du

For mobilitetsprosjekt innan yrkesfagopplæring tilbyr Hordaland fylkeskommune skular og opplæringskontor/lærebedrifter å vere med i ein fellessøknad. Her skriv de ein forenkla søknad til opplæringsavdelinga.

Søknadskjema

Vedlegg som må følgje med søknaden:

Letter of intent HFK - Senderorganisasjon

Letter of intent Sender - Mottakarorganisasjon

Signaturskjema

Søknadsfrist: 10. januar 2019.

For andre prosjekt (mobilitet for fellesfaglærarar og partnarskapsprosjekt) må du sende søknad direkte til Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku)

Sender du søknad direkte til Diku er søknadsfristen 5. februar 2019 for mobilitetsprosjekt og 21. mars 2019 for søknad til partnarskapsprosjekt. 

Kva kan vi hjelpe med

  • Vi rettleier i søknadsprosessar
  • Vi arrangerer informasjonsmøte
  • Vi bidrar med å finne europeiske partnarar
  • Vi held innlegg om program og prosjektmoglegheiter