Erasmus+ for tilsette i ulike verksemder

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020. Verksemda di kan få støtte til mobilitetsprosjekt i Europa med opphald frå 3 dagar til 2 månader. Skriv ein forenkla søknad og bli med i ein felles søknad som fylkeskommunen utarbeider.

Verksemda di kan få støtte til at tilsette får midlar til å reise til kunnskapsmiljø i Europa (mobilitetsprosjekt). Opphald frå 3 dagar til 2 månader. Fylkeskommunen støtter tverrsektorielle lokale/regionale prosjekt der deltakarar frå til dømes næringsliv, vidaregåande skule og lokal forvaltning reiser saman. Skriv ein forenkla søknad og bli med i ein felles søknad som fylkeskommunen sender til SIU, som er norsk kontaktpunkt for programmet. Søknadsfrist i februar kvart år. 

Erasmus+ bygger på EU sin strategi for vekst og sysselsetting – «Europa 2020» - for ein smart, bærekraftig og inkluderande vekst. Programmet legg til rette for samarbeidsprosjekt mellom europeisk partnarar.

Kven kan søkje?

Bedrifter, offentleg forvalting, opplærings- og utdanningsinstitusjonar, frivillige organisasjonar med meir kan søkje på vegne av sine tilsette. Vi prioriterer søknadar for tverrfaglege og -sektorielle grupper. Fylkeskommunen inviterer aktørar til å delta i ein fellessøknad.

Kva kan du få støtte til?

  • Mobilitetsprosjekt - kortare opphald for læring og erfaringsutveksling i Europa, frå 3 dagar til 2 månader.

Kvifor søkje?

  • Kompetanseutvikling
  • Erfaringsutveksling
  • Utviklingsarbeid

Slik søkjer du

Hordaland fylkeskommune tilbyr verksemder, organisasjonar og skuler å vere med i ein fellessøknad til Erasmus+ mobilitet. Fylkeskommunen skriv ein «fellessøknad» for mobilitetsprosjekt, på grunnlag av innkomne søknadar. Prosjekta må ha tilknyting til opplæring og yrkesutdanning innan ulike næringar. Vi prioriterer tverrfaglege gruppemobilitetar med  tilsette frå ulike verksemder og forvaltningsnivå.

Her skriv du ein forenkla søknad som skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsskjema for restmidlar

Vedlegg til søknad: Intensjonsavtalar

Som vedlegg til søknaden må de sende inn følgande dokument: 

Intensjonsavtale mellom fylkeskommunen og søkjarorganisasjon (word)

Intensjonsavtale mellom søkjarorganisasjon og europeisk hovudpartnar (word)

Prosjekt som får støtte

Dokument som skal sendast inn i løpet av prosjektgjennomføringa:

Søknadsfristar

  • Forenkla søknad til Hordaland fylkeskommune: januar 2018.
  • Du kan og søkje på eiga hand direkte til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Søknadsfrist til SIU er i begynnelsen av februar 2018. 

Kva kan vi hjelpe med:

  • Vi bistår med prosjektutvikling innan fleire av Erasmus+ delprogram.
  • Vi rettleier i Erasmus+ søknadsprosessar
  • Vi arrangerer ulike Erasmus+ informasjonsmøte
  • Vi bidrar med å finne europeiske partnarar
  • Vi held innlegg om program og prosjektmulegheiter

Eksempel: Med Erasmus+ til Sverige

Utviklingssenter for sjukeheim og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland fikk anledning til å styrke arbeidet sitt med ein sterkare tilknyting til internasjonal praksis, gjennom EU-programmet Erasmus +, tildelt via Hordaland fylkeskommune. Ein gruppe kordinert frå USHT drog til Sverige (Gøteborg og Mariestad) i dagane 10. - 14. mai 2016. Det var 10 deltagare, fordelt med lærarar frå Åsane vidaregåande skule, fylkeskommunale tannhelsetenesta, Universitetet i Bergen, Utviklingssenteret, heimesjukepleia i Bergen og Tysnes kommune.

USHT har pågåande arbeid innan tannhelse og velferdsteknologi. Innanfor tannhelse har dei eit forskingsprosjekt retta mot kvalitetsforbetring av tilbodet til pasientar som får heimesjukepleie. Innanfor velferdsteknologi gjeld det blant anna kompetansespreiing gjennom nettverk for kommunane. USHT har kontaktar mot relevante fagmiljøa i Sverige på begge disse områdane, og til fagmiljøa som har vært leiande på feltet (Gøteborg for velferdsteknologi og Mariestad for tannhelse).

Under opphaldet lærte gruppa mykje om korleis ny velferdsteknologi kan brukas innan heimesjukepleiene. Innan tannhelse var fokuset på ny kunnskap om eldre si munnhelse og betydinga for allmennhelsa. I Sverige har dei etablert eit meir systematisk kvalitetssystem for oppfølging av tannhelsa til utsette grupper i befolkninga. Deltakarane så og det viktige arbeidet omkring mobile dokumentasjonssystemer for både heimetjenestene og tannhelsepersonell som arbeider ute blant disse brukarane.

Kunnskapsutvekslinga var svært vellykka. Gruppa ble godt mottatt av sine svenske kollegaer, og fekk faglig påfyll med ein bredde som ikkje hadde vore mogleg utan eit slikt besøk hos desse kompetansemiljøa. Besøket vil bli følgt opp, bl.a. ved å følge sluttfasen av tannhelseprosjektet i Mariestad, utvikle eit meir formalisert samarbeid med Gøteborg innan velferdsteknologi, og få til gjensidige hospiteringsordningar for elevar i vidaregåande skule. Turen styrka og kontakt og nettverk mellom fagmiljøa i Hordaland og i Sverige. 

Kontaktpersonar: Kari.Sunnevag@bergen.kommune.no (Tannhelse) og Per.Waardal@bergen.kommune.no (Velferdsteknologi)

(Teksten er noko bearbeida, men er opprinneleg publisert på Bergen kommune sine nettsider)

Har du spørsmål kan du ta kontakt med
Profilbilde av Marit Kristine Einen
Marit Kristine Einen
41249271