Erasmus+ Aktiv ungdom

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020. Programmet bygger på EU sin strategi for vekst og sysselsetting – «Europa 2020» - for å skape ein smart, bærekraftig og inkluderande vekst. Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram, og har eit budsjett på 14,7 milliardar euro.

Kven kan søkje?

Ikkje-kommersielle organisasjonar, for eksempel  kommunar og (ungdoms)organisasjonar, kan søkje på vegne av ungdom (13-30 år) og ungdomsarbeidarar.

Ungdom med spesielle utfordringar er ei prioritert gruppe i Aktiv Ungdom. Ikkje-formelle læringsprosessar er eit alternativ og supplement til det formelle skulesystemet. Ikkje-formell læring krev frivillig og aktiv deltaking og er difor nært knyt opp mot ungdom sine ønskjer og interesser. Utvikling og auka kompetanse for den enkelte er eit uttalt mål.

Kva kan du få støtte til?

Du kan blant anna få støtte til:

  • frivillig arbeid (Europeisk volontørteneste eller EVS)
  • ungdomsutveksling
  • ungdomspolitiske møter
  • kurs og hospitering for ungdomsarbeidarar
  • strategiske partnarskap mellom organisasjonar
  • transnasjonale ungdomsinitiativ

Kvifor søkje?

Det er mange fordelar ved å delta i Erasmus+, blant anna vil du kunne få:

  • Arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Bidra i eit lokalsamfunn
  • Lære andre kulturar å kjenne
  • Utvida språkerfaring
  • Personleg utvikling
  • Prosjekterfaring
  • Bli kjend med nye arbeidsmetodar og verktøy
  • Lære om ungdomsarbeid i andre land
  • EU-vitnemålet YOUTHPASS på slutten av kvart prosjekt

Slik søkjer du

Er du ungdom, ta kontakt med oss for rettleiing. Kommunar og organisasjonar kan få hjelp i søknadsprosessar.

Søknaden sendast direkte til Barne-, Ungdoms- og Familiedirektoratet som administrerer Erasmus+ Aktiv Ungdom programmet. Les meir på www.aktivungdom.eu.

Søknadsfristar

Søknadsfristane for prosjektstøtte i 2017 er 15. februar, 26. april og 4. oktober.
Prosjekta som får støtte kan starte tidlegst tre månader etter søknadsfristen.
Søknadsskjema finn du på aktivungdom.eu

Kva kan vi hjelpe med

Fylkeskommunen er regionalt kontaktpunkt for Aktiv Ungdom og vi:

  • organiserer informasjonssamlingar om Aktiv Ungdom
  • kan halde innlegg om moglegheiter innanfor Aktiv Ungdom 
  • kan rettleie i søknadsprosessar
  • kan hjelpe organisasjonar i gang med å bli EVS verts- eller sendarorganisasjon.
  • har eit samarbeid med mellom anna OT/PPT-tenesta om frivillig arbeid for ungdomar med spesielle utfordringar.