Søknadsskjema og søknadsfrist
Bruk digitalt skjema for å søkje. Søknadsskjema blir opna og publisert minst ein månad før søknadsfrist, og blir lukka når søknadsfrist går ut.
Søknadsfrist 15. oktober
Søk tilskotKva kan du få støtte til?
Vi gir ut fem utviklingsstipend, kvart på 30 000 kroner.
Stipenda kan tildelast utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan sin idrett. Ein person kan berre motta stipendet ein gong.
Føremål med ordninga
Målet med stipendet er å gje mottakarane høve til å vidareutvikle seg innan den aktuelle idretten. Stipendet skal også vere ein stimulans til vidare satsing.
Vi legg vekt på desse kriteria:
- Idrettsprestasjonar
- Potensiale
- Planar for vidare satsing innan idrett
- Aldersgrupper: 16 – 25 år
- Utøvarar som får toppidrettsstipend frå OLT fell utanfor målgruppa.
Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak
Utøvar, trenar eller særkrets kan sende søknad på elektronisk søknadsskjema ( sjå blå boks).
Olympiatoppen Vest gjev råd ved tildelinga. Utval for kultur, idrett og regional utvikling tildeler stipenda etter tilråding frå fylkesrådmannen.
Oppfølging, rapportering og kontroll
Mottakaren skal innan påfølgande år gje ein kort skriftleg rapport om korleis stipendet har vore nytta.
Du kan klage
Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.
Vi gjer merksam på at søkjarar etter forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.