Søk stipend for gateaktivitet

Unge utøvarar innan gateaktivitet kan søke om å få utviklingsstipend til for eksempel skating, dans, parkour eller liknande.

Søknaden skal vere ein film på 3-5 minutt der du eller dere viser aktivitet og fortel kva mål dei har for utvikling i aktivitetrn og kva dere ønskjer å bruke eit stipend til. Filmen kan lastas opp på YouTube eller Vimeo, og dere må sende lenken til filmen med i søknaden.

Føremål

Målet med stipendet er å gje ein person, ei gruppe eller eit miljø mulegheit til å vidareutvikle seg innan den aktuelle aktiviteten, og vere ein stimulans til vidare satsing.

Så mykje kan du få

Hordaland fylkeskommune tildeler eitt utviklingsstipend innan gateaktivitet på 30 000, kr. Ein person kan berre motta stipendet ein gong. Stipendet kan nyttast til inspirasjonsreiser, utstyr, kurs eller anna knytt til utviklinga av aktiviteten.

Kriterium

Ved tildeling av stipend vil fylkeskommunen legge vekt på dette:

  • Prestasjonar
  • Potensiale
  • Planar for vidare satsing
  • Aldersgruppe: 16 – 25 år

Slik søkar du

Fyll ut elektronisk søknadsskjema  (sjå blå boks), husk å lenke til videoen. Ta med:

  • Førenamn
  • Etternamn
  • Mobilnummer
  • E-postadresse
  • Postadresse
  • Skattekommune

Tildeling

Dei som skal vurdere søknadane er representantar frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Olympiatoppen Vest, ungdommens fylkesting og ein person med utøvarerfaring.

Du som får stipendet skal innan påfølgande år gje ein kort skriftleg rapport om korleis du har brukt stipendet. I tillegg kan det vere aktuelt å bidra dersom fylkeskommunen har arrangement der gateaktivitet skal fremmast.

 

Bergen Style Bombers fekk prisen i 2017