Sykkel-VM

Informasjon om tannklinikkar, vidaregåande skular, taxihaldeplassar og  kollektivtransport som blir berørt før og under sykkel-VM.

Fleire fylkeskommunale tilbod blir berørt i dagane før og under sykkel-VM, som finn stad 16. - 24. september. Her er ei oversikt. 

Endringar om drosjehaldeplassar

Grunna omfattande stengingar i Bergen sentrum vil mange haldeplassar for drosje anten bli stengt eller utilgjengeleg heile eller deler av døgnet under sykkel-VM. 

Haldeplassar som blir heilt stengt i heile perioden 

  • Ole Bulls Plass - Haldeplassen vil bli stengt natt til laurdag 16. september og vil ikkje opne igjen før måndag 25. september.
  • Vetrlidsalmenningen - Haldeplassen blir fjerna 14. september.
  • Bergen storsenter - Haldeplassen blir fjerna 14. september.
  • Bryggen - Haldeplassen for drosjer blir stengt torsdag 14. september, og opnar ikkje igjen før tysdag 26. september.
  • Rådstuplass - blir fjerna 14. september - 26. september.

Haldeplassar som er stengt på dagtid

Bradbenken - Sykkelløypa går over Øvregaten, Festningskaien og Bryggen kvar dag. På grunn av dette vil ikkje haldeplassen på Bradbenken kunne nyttast i stengeperiodane. Haldeplassen blir stengt laurdag 16. september. Haldeplassen er tilgjengeleg klokka 19.00 kvar dag.

Bergen jernbanestasjon - Krysset Kaigaten/Strømgaten er eit svært sårbart punkt for avviklinga av kollektivtrafikken under sykkel-VM. Haldeplassen i Zander Kaaes gate (jernbanen) vil ikke vere tilgjengeleg for drosjer i stengeperioden. Haldeplassen er tilgjengeleg utanom stengeperiodane.

Mellombelse haldeplassar for sykkel-VM

Nøstetorget - Heile Nøstetorget vil vere tilgjengeleg for oppstilling av drosjer. 

Sjøgaten til Sandviken - Ved Gjensidigegården i Sandviken blir det oppretta ein mellombels haldeplass innanfor rundkjøringa for sykkel-VM. Denne haldeplassen er berre mogleg å nytte mellom klokka 10.30 til 19.00.

Bradbenken og festningsmuren - Dagens holdeplass på Bradbenken blir utvida til å inkludere alle parkeringsplassane til parkeringsautomaten. Det blir ikkje tillate for drosjer å parkere på HC-plassane. I tillegg vil dagens bussparkering langs festningsmuren bli skilta om til å gjelde for drosjer. Begge desse plassane vil vere tilgjengeleg utanom stengeperioden, frå laurdag 16. september til måndag 25. september.

ByGarasjen -  Eksisterande haldeplassar inne på Bergen Busstasjon. Tilgang heile døgnet.

Oversikt over drosjehaldeplass i ByGarasjen (pdf)

kart over taxihaldeplassar i Bergen sentrum

 

Klikk her for større kart (pdf)

Tannlegevakt og tannklinikkar

Opnigstider tannlegevakten

Under sykkel-VM 16. - 24. september vil tannlegevakten i Bergen ha desse opningstidene:

Måndag - fredag: kl. 08.00 - 14.00 og kl. 18.00 - 20.30
Laurdag og søndag: kl. 15.30 - 20.30  

Adresse: Solheimsgaten 18, inngang B
Telefon: 57 30 31 00

Tilkomst tannklinikkar

Ingen tannklinikkar blir stengte, men nokre klinikkar kan ha utfordringar med tanke på tilkomst:

  • Tannlegevakten, tlf. 57 30 31 00
  • Årstad tannklinikk, tlf. 55 20 64 50
  • Solheimsviken tannklinikk, tlf. 57 30 31 10
  • Tannklinikken v/Haukeland universitetssjukehus, tlf. 55 97 27 24
  • TkVest kompetansesenter, tlf. 55 58 37 90

Det vil vere mange stengte vegar i perioden og vi oppfordrar til å gå, sykle eller ta offentleg transport. Det vil gå buss mellom Bystasjonen og Haukeland universitetssjukehus kvart 10. minutt. Frå Haukeland universitetssjukehus  er det gangavstand på ca 10 minutt til TkVest kompetansesenter og Årstad tannklinikk.

Bybanen går som vanleg. Tannlegevakten og Solheimsviken tannklinikk, begge med adresse Solheimsgaten 18, inngang B, ligg i nærleiken av bybanestoppet på Danmarksplass.

Vidaregande skular i berørte soner

Under sykkel-VM vil delar av Bergen og omegn bli delt inn i sonar. Fleire vidaregåande skular er innanfor sonene: 

Her er kart over dei ulike sonene dei ulike dagane

Amalie Skram vgs

Måndag 18. sept. Oransje sone
Tysdag 19. sept. Oransje sone
Onsdag 20. sept. Oransje sone
Torsdag 21. sept. Oransje sone


Bergen Maritime vgs

Måndag 18. sept. Oransje sone
Tysdag 19. sept. Oransje sone
Onsdag 20. sept. Oransje sone
Torsdag 21. sept. Oransje sone


Bergen Katedralskole

Måndag 18. sept Raud sone
Tysdag 19. sept Raud sone
Onsdag 20. sept Raud sone
Torsdag 21. sept Raud sone


Fagskulen i Hordaland

Måndag 18. sept. Gul sone
Tysdag 19. sept. Gul sone
Onsdag 20. sept. Gul sone
Torsdag 21. sept. Gul sone

 
Langhaugen vgs

Måndag 18. sept. Raud sone
Tysdag 19. sept. Gul sone
Onsdag 20. sept. Raud sone
Torsdag 21. sept. Raud sone


Årstad vgs

Måndag 18. sept. Gul sone
Tysdag 19. sept Gul sone
Onsdag 20. sept. Gul sone
Torsdag 21. sept. Gul sone


Askøy blir også berørt første helga, medan Sotra og Øygarden vil bli berørte siste helga.

Dette er sonene:

Blå sone  
Heilt avstengt heile døgnet. Det er ikkje mogeleg å køyre inn eller ut.

Raud sone 
Heilt avstengt når løypetraseen er stengt. Det er ikkje moleg å køyre inn eller ut. Intern køyring er mogeleg.

Oransje sone 
Vesenleg påverka når løypetraseen er stengt. Bilkøyring er frårådd. Dette er soner ein kan kjøre inn eller ut av, men ikkje som normalt. Nokre stader vil ein til dømes kunne køyre ut, men ikkje inn, eller motsett. I tillegg må ein rekne med generelt avgrensa framkomelegheit.

Gul sone 
Påverka når løypetraseen er stengt. Bilkøyrring er ikkje anbefalt. Områda er tilgjengelege, men ikkje som normalt. I tillegg må ein rekne med generelt avgrensa framkomelegheit.

Dette betyr det i praksis 

Det er ikkje mogeleg å køyre i løypene eller krysse med bil i stengetida. Gåande og syklande kan krysse løypene på eigne punkt, stort sett der det er gangfelt. Vakter vil sluse folk over når det er trygt. 

Elevar og tilsette må setje seg inn kva konsekvensar sykkel-VM får for deira reiseveg. La bilen stå og planlegg transport i god tid. Det er store omleggingar i kollektivtilbodet i Bergen og omegn. Bystasjonen er kollektivknytepunkt i sentrum.

Fråvær frå skulen

Dersom elevane kjem for seint grunna problem med busstransport under sykkel-VM, er ikkje dette eit problem i høve fråværsgrensa. I Rundskrivet Udir-3-2016, skriv Udir følgjande:

«Dersom fravær fra opplæringen skyldes forhold som åpenbart ligger utenfor elevens kontroll, som for eksempel stans eller forsinkelser i kollektivtrafikken, kan rektor avgjøre om det likevel ikke skal føres fravær.»

Meir om sykkel-VM