Inkludering og integrering

Idretts- og friluftslivsorganisasjonane er ein god arena for integrering og inkludering.

Gjennom deltaking i organisasjonar lærer ein til dømes om demokrati, å setje seg mål, ta avgjerdsler, løyse konfliktar, organisere, ta omsyn til andre, følgje reglar og retningsliner. Det er ei utfordring å formidle informasjon om dei frivillige organisasjonane og handsame kulturelle og økonomiske hindringar for deltaking.

Tilskot

Hordaland fylkeskommune har dei seinare åra tildelt statlege og fylkeskommunale midlar til ulike prosjekt knytt til inkludering og inkludering. Frå 2016 er tilskotsordningane samla i ei ordning: Tilskot til fysisk aktivitet for born og ungdom.

Aktiv saman

Frå oktober 2011 har prosjektet Aktiv saman vore ein del av regional satsing på integrering gjennom idrett og friluftsliv. Hovudmålet med Aktiv Saman er å få fleire fleirkulturelle barn og unge meir aktive kvar dag, med eit særskilt fokus på dei som er lite fysisk aktive og/eller fysisk inaktive.

Samarbeid

Hordaland fylkeskommunen bidreg gjennom tilskot til at kommunar og frivillige organisasjonar har ressursar til å jobbe spesifikt med inkludering og integrering.