Arrangementstilskot til nasjonale og internasjonale meisterskap 2019

Idrettslag og særforbund kan søkje tilskot for store nasjonale og internasjonale meisterskap som skapar stort engasjement, samhald, motivasjon til idrettslig satsing og positive ringverknadar for næringslivet.

Kven kan søkje

  • Organisasjonsledd tilknytta Norges idrettsforbund, Norges Bilsportsforbund og Det Frivillige Skyttervesen. Andre organisasjonar blir vurdert særskilt.
  • Idrettslag med adresse i Hordaland

Kva kan støttast

  • Det kan søkas om generell meisterskapsstøtte. 
  • Ordninga gjeld for alle nasjonale og internasjonale meisterskap også for aldersbestemte klassar. Arrangementa skal vere i samsvar med «Bestemmelser om barneidrett» frå Noregs Idrettsforbund. 
  • Meisterskap som er likestilt med nasjonale meisterskap som til dømes landsskyttarstevne kan også søke om tilskot. 
  • Det same meisterskapet kan støttast frå denne ordninga i tre år. Etter det kan det ev. søkast om driftstilskot til arrangementet. 

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Vurderingskriteriar:

  • Tal og geografisk spreiing på deltakarar 
  • Rekruttering og opplæring av frivillige 
  • Budsjett med påmeldingsavgift 
  • Krav om kommunal medverknad 
  • Medie- og marknadsføringsstrategi for arrangementet 
  • Nasjonal mediedekning 
  • Tyding for lokalsamfunnet i høve til lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar

Oppfølging, rapportering og kontroll

Fristen for rapportering er 3 månadar etter gjennomført meisterskap.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar motteke melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde opplysingar om kva vedtak det blir klaga over, årsaka til at det blir klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til: hfk@hfk.no.

Profilbilde av Britt Karen Spjeld
Britt Karen Spjeld
456 66 326