Idrett
Regional kulturplan 2015-2025
Mål: 1. Barn, ungdom og personar med særskilde behov skal få eit variert aktivitetstilbod i idretten. 2. Unge, lovande idrettsutøvarar og toppidrettsutøvarar skal få utvikle seg i lokalmiljøa/regionen.
Sjå planIdretten i Hordaland spelar ei viktig rolle i lokalsamfunna. Idrettslaga skaper sosiale fellesskap, trygge oppvekstmiljø og levande lokalsamfunn. Nesten ein av tre nordmenn gjer gratisarbeid for idretten, og 35-44-åringar med barn er dei mest aktive.
Gjennom samarbeid med kommunane kan inaktive, fleirkulturelle og personar innan psykisk helsevern få ein meir aktiv kvardag og bli ein del av eit idrettsmiljø.
Hordaland fylkeskommune deler ut stipend til unge lovande utøvarar og trenarar. Vi markerar OL- og VM-medaljørar for å stimulere og inspirere til vidareutvikling i den aktuelle idretten. Det blir også arbeidd aktivt i Hordaland for å skape eit breitt og variert tilbod til barn og ungdom, motarbeide topping av lag i barneidretten, trakassering, juks og ekskludering. Utfordringar knytt til doping har i tillegg fått ekstra fokus gjennom eit samarbeid med fylkeskommunen knytt mot dei vidaregåande skulane i fylket.
Tilskot og tenester
-
Arrangementstilskot til nasjonale eller internasjonale seniormeisterskap
Søknadsfrist: 20. august
- Inkludering og integrering
- Kulturelt utviklingsprogram (KUP)
-
Premiering – idrettsarrangement
Støtte til tinnfat, pokalar og kunstverk med idrettsmotiv
-
Utviklingsstipend - Gateaktivitet
Søknadsfrist: 15. oktober
-
Utviklingsstipend - Idrettsutøvar
Søknadsfrist: 15. oktober
-
Driftsstønad til kunst, kultur og idrett
Søknadsfrist: 3. april
-
Sykkel-VM
Fylkeskommunale tilbod som blir berørt under sykkel-VM 16. -24. september
Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling
Sjå heile oversikta