Ekstrautlysning tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for born og ungdom

Kommunar, organisasjonar og dei vidaregåande skulane kan søkje på denne ekstrautlysinga retta mot aktivitetstiltak for elevar i vidaregåande skular.

Føremål med ordinga

Ordninga skal bidra til å få fleire unge i Hordaland aktiv kvar dag.

Kva kan du få støtte til

Prosjekt som bidreg til å gjere dei aktive vala enkle for ungdommar (15-19 år) i lokalmiljøa. Dette gjeld tiltak både i skuletida og på ettermiddag/kveld, m.a. for å styrke tilbodet til hybelbuarar i samvirke med lokalsamfunnet. Tiltaka skal gje ny kompetanse og overføringsverdi til andre vidaregåande skular, kommunar og organisasjonar.

Prioriterte tiltak:

  • målgruppa medverkar i utforming og gjennomføring
  • vidaregåande skular samarbeider med kommunar og organisasjonar for å skape bærekraftige aktivitetstilbod
  • aktivitetar retta mot elevar i yrkesfag

Delar av tilskotet kan nyttast til innkjøp av enkelt utstyr og materiell som medverkar direkte til å fremje aktivitetane. I denne ordninga vert det ikkje løyvd tilskot til drift eller anlegg.

Gode tiltak kan få inntil frå kroner 5.000 – 50.000. Det vert forventa eigeninnsats i form av midlar, arbeidsinnsats eller dugnad (inntil 300 kroner per/time).

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Følgjande vilkår må vere oppfylt for at tilskot skal kunne tildelast:

Midlane skal gå til prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom med hovudfokus på nærmiljøprosjekt.

  • Det kan ikkje søkast om tilskot til anlegg og ordinær drift av aktivitetar.
  • Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 % av den totale kostnaden.
  • Tiltaket må gjennomførast innan utgangen av tildelingsåret.
  • Tildeling av tilskot til søknadar som fyller grunnvilkåra blir vurdert med utgangspunkt i formålet med ordninga, der det mellom anna. blir lagt vekt på følgjande moment:
    • I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.
    • I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).
    • I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse og om det har overføringsverdi. 

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast.

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde: Dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført, kven som er involvert, framdriftsplan og ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden. Finansieringsplan/budsjett for tiltaket.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Sluttrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. februar 2020. Den skal innehalde:

  • Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.
  • Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering.
  • Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l. Hordaland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

 Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Spesialrådgjevar
Profilbilde av Hanne Espe