Fysisk aktivitet
Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025
Mål: 1. Fleire barn og ungdom skal vere i minimum 60 minutt dagleg fysisk aktivitet. 2. Fleire vaksne skal vere i fysisk aktivitet minimum 150 minutt per veke med moderat intensitet eller 75 minutt med høg intensitet.
Sjå planenHordaland fylkeskommune jobbar for å legge eit godt grunnlag for god helse for innbyggjarane i fylket. Fysisk aktivitet er avgjerande for godt funksjonsnivå og god livskvalitet. Den største utfordringa, og som gjev størst helsegevinst, er å få dei inaktive aktive.
Det er viktig at det er enkelt å vere aktiv. Lav terskel er med på å redusere helseskilnaden mellom sosiale lag, etniske grupper og kjønn. For å lukkast med å auke kvardags- og fritidsaktivitetar er det naudsynt med samarbeid mellom kommunar, fylke, stat, helseføretak, høgskule, universitet, private og frivillige aktørar.
Tenester
Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling
Sjå heile oversikta